Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:996 (2019-2020)
Innlevert: 18.02.2020
Sendt: 18.02.2020
Svart på: 24.02.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Vil statsråden gjeninnføre statleg kjøp på strekninga Ørsta/Volda-Oslo, og viss ikkje, kva grep vil regjeringa ta for å sikre eit betre flytilbod for privatpersonar og næringsliv i regionen?

Grunngiving

Eg viser til at Widerøe no varslar ein kraftig reduksjon av rutetilbodet i distrikta. Ved Ørsta/Volda lufthamn blir tilbodet redusert med ein rundtur til og frå Oslo. Sett i samanheng med dyrare billettar og redusert rutetilbod heilt sidan ruta vart kommersialisert i 2016, vil flytilbodet no verte uakseptabelt for pendlarar, innbyggjarar og næringsliv i regionen både kva gjeld pris og frekvens. Eit godt flytilbod er heilt avgjerande for ein region i vekst, ikkje minst for eit næringsliv avhengig av marknadskontakt og tilgang på kompetanse. Dei siste åra er det blitt dyrare å pendle med bil, og ferjeprisane har stige kraftig. Folk i distrikta toler ikkje eit svekkja flytilbod i tillegg. Det er no heilt nødvendig med politiske grep for å sikre at det framleis skal vere attraktivt å bu og arbeide, samt mogleg å etablere og drive næring i distrikts-Noreg.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg vil starte med at eg er bekymra for kva konsekvensar kutta Widerøe har varsla vil få for innbyggere i dei berørte regionane. Eg vil derfor følgje dette tett.
Flyruta frå Ørsta-Volda mot Oslo blei frå 1. april 2016 ei kommersiell flyrute. Ruta hadde gjennomgåande høgt belegg, og ei ekstern utgreiing tilrådde å gjere ruta kommersiell. Kommersiell drift inneber at flyselskapet sjølv avgjer billettprisane og talet på avgangar.
I det felleseuropeiske regelverket for kjøp av flyruter er det opna for at landa kan sette krav til offentleg tenesteyting (FOT) på ei flyrute berre i den grad det er naudsynt for å sikre eit minstetilbod av ruteflygingar, krav som selskapa ikkje ville tatt på seg om dei skulle teke omsyn til eigne kommersielle interesser. Slike krav kan til dømes vere å sette krav til kontinuitet, regelmessigheit, prisfastsetjing og minstekapasitet.
Kuttet av ein flyavgang frå/til Ørsta/Volda reduserer kapasiteten om morgonen, og nokre av morgonavgangane vil inkludere ei mellomlanding. Det vil likevel framleis vere mogleg å gjennomføre dagsturar til og frå Ørsta/Volda med det planlagde rutetilbodet.
Det er for tidleg å seie noko konkret om kva grep regjeringa vil ta på lengre sikt for å sikre eit godt flytilbod for privatpersonar og næringsliv i denne og andre regionar. Eg vil no vurdere kva konsekvensar Widerøe sine rutekutt har, og om det er naudsynt med nye tiltak frå departementet si side for å sikre eit godt rutetilbod på kortbanenettet, også i framtida.