Skriftleg spørsmål fra Ruth Grung (A) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2325 (2019-2020)
Innlevert: 18.08.2020
Sendt: 19.08.2020
Svart på: 28.08.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Skipsverft har stor betydning for å videreutvikle lav-utslipps løsninger og ønsker å investere i landstrøm for å gi et bedre tilbud til skip som er til reparasjon. Det vil også redusere støyen betydelig for verftet og lokalsamfunn. Skipsverftene bruker sin egenkapital til ta store deler av risikoen ved oppdrag og har lite rom for å ta hele investering i ladestrøm. Enova gir ikke støtte til havner/kaier for fartøy til reparasjon.
Vil ministeren sørge for å endre retningslinjene slik at skipsverft kan søke støtte til ladestrøm?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Grøn skipsfart er ei av regjeringa sine viktigaste satsingar i arbeidet for utsleppskutt og grøn konkurransekraft. Vi er no inne i ei stor omstilling. Ambisjonen er å halvere utsleppa frå innanriks skipsfart innan 2030.
Enova er eit av våre viktigaste klimaverkemiddel og har dei seinare åra hatt monaleg aktivitet retta mot innovasjon og utsleppsreduksjonar i maritim sektor. Stønad til etablering av landstraum har vore og er eit av satsingsområda deira. Enova har tildelt stønad til om lag 100 slike prosjekt på til saman over 650 millionar kroner. Det blir som følgje av denne stønaden stadig vanlegare for skip å kople seg til landstraum når dei ligg til kai.
Verft med kaianlegg som anløpast av ordinær skipstrafikk kan søke Enova om stønad til å etablere landstraum. Enova støttar ikkje etablering av landstraum for skip i opplag, eller skip under reparasjon og bygging. Enova sine ordningar skal medverke til ein varig marknadsendring, kor tiltak og teknologiar på sikt skal stå på eigne bein utan stønad.
Enova vurderer at stønad til landstraum ved verft retta mot skip i opplag, eller skip under reparasjon og bygging, ikkje vil medverke til ein varig endring i etterspurnad etter landstraum fordi slike skip ikkje må installere landstraumsystem for å bruke landstraum. Dei har praksis for å kople straumen direkte på skipet si tavle. Viss det er nok effekt tilgjengeleg på land, trengs det svært avgrensa infrastruktur for å tilby straum til skipa.
Enova vurderer vidare at verft som etablerer landstraum vil få høg brukstid av anlegget og at investeringa har relativt låg risiko og gode moglegheiter for å vere lønsam. Enova prioriterer etableringa av landstraum i hamner som tenar ordinær skipstrafikk. Låg brukstid ved etablering vil i ein overgangsperiode vere ein risiko for desse hamnene. Enova støttar ikkje tiltak som er lønsame utan stønad.
Klima- og miljødepartementet styrer Enova på eit overordna nivå. Dette skjer hovudsakeleg gjennom fireårige avtalar om forvaltninga av midlane frå Klima- og energifondet. Innanfor rammene av avtalen har Enova stor fagleg fridom til å prioritere mellom område, utvikle program og tildele stønad sånn at midlane som er stilt til rådvelde utnyttast mest mogleg effektivt.
Den faglege fridomen gjennom overordna styring er viktig for at Enova skal kunne tilpasse sine program etter marknaden og teknologien sånn at vi får mest mogleg klima- og energiløysingar for pengane. Eg meiner det er viktig å halde fast på denne måten å styre Enova på. Øyremerking og detaljstyring gjer Enova mindre fleksibel og går ut over deira moglegheit til å prioritere innsatsen der kor moglegheitene for å påverke utviklinga er størst.
Eg oppmodar aktørar om å halde fram med å ha kontakt med Enova. Det er viktig for Enova å få gode innspel frå aktørar i marknaden.