Skriftleg spørsmål fra Mona Fagerås (SV) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:196 (2020-2021)
Innlevert: 21.10.2020
Sendt: 21.10.2020
Svart på: 27.10.2020 av kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby

Mona Fagerås (SV)

Spørsmål

Mona Fagerås (SV): Kan ministeren gjøre greie for kva som er intensjonen med lova, og kva ein tenkjer dette gjer med moglegheitene for å kunne busetje seg i mindre bygder og ha dei same velferdstilboda som andre, og vere i jobb på lik linje med andre?

Grunngiving

Opplæringslova slår fast: § 13-7.Skolefritidsordninga: Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.
Sidan det ikkje står "eitt" i eintal, men "eit" i lovteksten, skulle ein tru at det må bety at kommunen pliktar å ha eit SFO-tilbod for alle innbyggjarane, og at det må vere likeverdig, anten du bur i sentrum eller på bygda. Men slik blir det ikkje tolka i regelverk og forskrifter: https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Leksehjelp/Regelverk-for-skolefritidsordningen-SFO/Kommunens-plikter/Kommunens plikter Opplæringsloven § 13-7 første ledd; Kommunen skal ha et tilbud om skolefritidsordning, men opplæringsloven gir ikke elevene rett til plass i skolefritidsordning, heller ikke for barn med særskilte behov. Omfanget av kommunens plikter er svært begrenset. Kommunen er ikke forpliktet til å opprette et bestemt antall plasser eller å gi tilbud til ved mer enn én av skolene i kommunen. Kommunen kan benytte andre til å oppfylle kommunens plikt til å gi tilbud om skolefritidsordning. Kommunens plikt er også oppfylt selv om det bare er private skolefritidsordninger i kommunen. Eksempel:
I Ørsta kommune har dei SFO etter sjølvkostprinsippet. Det betyr at for å kunne opprette eit SFO-tilbod på ein skule, må det vere minst så og så mange som melder seg på. i Ørsta er grensa sett til 11 barn. Det betyr at ein kvart år risikerer at det ikkje er mange nok som melder seg på til å få eit tilbod. Nokre år er det mange nok, nokre år blir det berre eit deltidstilbod (f.eks. 3 dagar i veka, tilbod om berre morgon-SFO eller tilbod om berre ettermiddags-SFO). Det gjer kvardagen for barnefamiliar svært vanskeleg på bygda.

Guri Melby (V)

Svar

Guri Melby: Etter opplæringslova § 13-7 skal kommunen ha eit tilbod om skolefritidsordning (SFO) før og etter skoletid for 1.-4. trinn i grunnskolen, og for barn med særskilte behov på 1.-7. trinn. Sjølv om alle kommunar skal ha ei skolefritidsordning, er pliktene for kommunane relativt avgrensa. Dette er omtalt i forarbeida til lova. Kommunane er ikkje forplikta til å opprette eit bestemt tal plassar eller til å gi tilbodet ved meir enn ein av skolane. Det betyr også at lova ikkje gir elevane rett til plass i SFO.
Ifølge § 13-7 sjuande ledd kan kommunen nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, og i forarbeida er det understreka at pliktene er oppfylte sjølv om det berre er private skolefritidsordningar i kommunen sitt tilbod. Det femte leddet slår fast at kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.
Spørsmålet om det bør bli innført ein rett til SFO blei omtalt av opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Etter utvalet si vurdering er det ikkje nødvendig å innføre ein slik individuell rett. Utvalet skriv mellom anna at dei fleste kommunar tilbyr plass i SFO til alle som ønsker det.
Tal frå GSI viser at nesten 82 prosent av elevane på 1. trinn går på SFO. Det er likevel store variasjonar mellom kommunar og mellom område i kommunane. Det er også ulik deltaking på dei ulike årstrinna, slik at deltakinga er lågast på fjerde trinnet.
I 2018 blei det gjennomført ei nasjonal evaluering av SFO (Lek, læring og ikke-pedagogikk for alle). Evalueringa viste mellom anna at det er stor variasjon mellom kommunane, både når det gjeld korleis kommunane prioriterer, korleis SFO-ane er organiserte, og kva foreldra må betale for tilbodet. Evalueringa peikte på at den viktigaste grunnen til at foreldre aldri har hatt SFO-plass for barna sine, er at dei ikkje treng tilbodet. Den viktigaste grunnen for dei som tidlegare har hatt plass, men som har tatt barna ut av SFO, er at barna ikkje lenger ønsker å gå der. Evalueringa pakte likevel også på at mange aldri har nytta, eller ikkje lenger nyttar, SFO fordi tilbodet er for dyrt.
SFO er ein viktig arena for inkludering, leik og vennskap. Eg meiner det er særs viktig at barn ikkje blir hindra frå å ta del i SFO av økonomiske grunnar. Hausten 2020 blei det derfor innført ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO for elevar ved offentlege skolar på 1.–2. trinn og gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.
Som del av arbeidet mot fattigdom ønsker regjeringa å utvide ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling til også å omfatte 3.–4. trinn frå hausten 2021. Både dette og oppretting av ei eiga tilskotsordning for SFO ved frittståande skolar som ønsker å tilby tilsvarande moderasjonsordning for elevar på 1.–4. trinn, er derfor ein del av budsjettforslaget til regjeringa. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 15,2 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar frå hausten 2021.