Skriftleg spørsmål fra Ruth Grung (A) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:256 (2020-2021)
Innlevert: 27.10.2020
Sendt: 27.10.2020
Svart på: 03.11.2020 av kultur- og likestillingsminister Abid Raja

Ruth Grung (A)

Spørsmål

Ruth Grung (A): Bergen er den størst byen i landet i den største nynorskregion.
I samband med intensjonane i den nye språklova, kva konkrete tiltak har statsråden som visar at ein vil styrke nynorsk som eit levande språk som fremjar kultur og identitet i dei delar av landet som særskilt nyttar nynorsk?

Abid Raja (V)

Svar

Abid Raja: 12. mai 2020 la eg fram framlegg til ei språklov saman med ei melding til Stortinget om språk. 12. mai 1885 gjorde Stortinget det såkalla "jamstillingsvedtaket", vedtaket som gjorde landsmålet til offisielt språk ved sida av det dansk-norske språket. Den gongen gjorde Stortinget eit modig val, som for all framtid har prega utviklinga av norsk kultur og identitet.
I den språkmeldinga som no ligg til behandling i Stortinget, har regjeringa framlegg til fleire tiltak. Det aller viktigaste tiltaket er framlegget til ei heilskapleg språklov. Stortinget har i 2020 høve til å vedta ei historisk lov, som legg grunnlaget for at alle sektorar framleis brukar, utviklar og styrkjer bokmål og nynorsk i heile landet. For nynorsk er det viktigaste med lova at ho innfører eit pålegg i det offentlege om å ta særlege omsyn til det minst brukte norske språket. Dette har ikkje vore eksplisitt i lovverket før. Det kan ikkje overlatast til enkeltindivid eller lokalsamfunn å ta vare på nynorsk. Det er heller ikkje berre ei kulturpolitisk oppgåve å ta vare på eit heilt språk. Lova skal forståast slik at i all politikkutvikling som er relevant for norsk språk, skal det vurderast særskilte tiltak for nynorsk. Eg oppmodar representanten Grung og Stortinget om å sjå dette som eit overordna prinsipp og noko viktigare enn eit enkelttiltak for nynorsk.
Eg oppfattar at representanten spør om det på kulturbudsjettet er tiltak som styrkjer nynorsk som språk i nynorskregionen rundt Bergen. Generelt er vi opptekne av å lytte til kva nynorskinstitusjonar og organisasjonar peikar på som viktige tiltak.
Av tiltak som er lokaliserte i regionen vil eg trekkje fram støtte til Nynorsk avissenter i Førde, som får auka støtte i 2021. I framlegget til statsbudsjett for 2021 vidarefører vi satsinga på Nynorskhuset med 1,6 millionar kroner, ei satsing som mellom anna Teater Vestland og nynorske media som NRK Vestland og Firda står bak. Ein auke til Det Vestnorske Teateret skal leggje til rette for framsyninga Å finne heim i nynorsken. Nynorsk kultursentrum i Volda får støtte frå kulturbudsjettet på om lag 23 millionar kroner. Universitetet i Bergen får støtte til eit heilt nytt tiltak, nemleg Termportalen, som får 4 millionar kroner til å sikre nasjonal utvikling av norsk fagspråk, også nynorsk. Frå før har Universitetet i Bergen løyvingar til å vidareutvikle Nynorskordboka og Norsk Ordbok, ordbok over nynorsk og dei norske talemåla. Dei store løyvingane til Universitetet i Bergen på til saman 12 millionar frå kulturbudsjettet er med på å leggje til rette for ambisjonane universitetet har om å vere eit leiande fagmiljø i disiplinar som er viktige for norsk språk, dvs. leksikografi, terminologi og namnegransking. Landssamanslutninga av nynorskommunar får også tilskot frå kulturbudsjettet på om lag 2,9 millionar kroner. Det er mange nynorskommunar i vestlandsregionen som er medlemmer der, og som kan nyte godt av nynorsksamarbeid på tvers av kommunegrenser. Eg har akkurat delt ut prisen "Årets nynorskkommune" til Voss herad på 100 000 kroner. Kvar og ein står fritt til å nominere ein kommune eller fylkeskommune som gjer godt nynorskarbeid. Det kom over 260 000 røyster til ei uoffisiell kåring av årets nynorskommune som nettstaden framtida.no tok initiativ til. Det syner at nynorsk kultur og identitet engasjerer!
I tillegg vil eg nemne tiltak som at Nynorsk pressekontor får auka støtte på 2 millionar kroner til den såkalla nynorskroboten, slik at dei i år får til saman 9,5 millionar kroner til å sikre nynorsktilfang til norske aviser. Satsinga på nynorskroboten gjer at Nynorsk pressekontor kan sende ut fleire notisar og nynorskstoff enn før til Bergens Tidende, Hardanger Folkeblad og Firda, aviser med nynorsk som redaksjonsspråk. Etter at Vestland fylkeskommune vedtok ei fråsegn om krav om nynorsk språkteknologi, har eg nyleg hatt møte med Microsoft saman med distrikts- og digitaliseringsministeren. Eg vil arbeide vidare for at det offentlege og IKT-bransjen skal jobbe saman for å sikre tilgangen til å bruke nynorsk digitalt. Det er likevel viktig for meg å peike på at det er regionen sjølv som har dei viktigaste maktmidla, t.d. innkjøpsavtalane dei gjer med store leverandørar av læringsbrett osv.
Eg vil gjerne nytte høve til å rose Bergen for det arbeidet dei har gjort for fremje nynorsk i Bergen.
Det skal også brukast nynorsk utanfor den sterke nynorskregionen på Vestlandet. Det er mykje nynorsk kultur og identitet som ikkje er vestnorsk. Nynorsk er eit nasjonalspråk, men det er opplagt at dersom nynorsk mistar den sterke posisjonen på Vestlandet, er det ein trussel mot nynorsk som samfunnsberande språk. Regionale og nasjonale tiltak må derfor sjåast i samanheng.