Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:496 (2020-2021)
Innlevert: 18.11.2020
Sendt: 19.11.2020
Svart på: 25.11.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Vil statsråden vurdere å utvide makstaket for gjenbruksasfalt i ny asfalt?

Grunngiving

Statens vegvesen sin tabell i håndbok N200, tillet maks 40 prosent gjenbruksasfalt. I samtlige av våre naboland er det opna for meir gjenbruk av asfalt. I Sverige t.d. kan ein bruke så mykje gjenbruksasfalt ein ynkjer, så lenge sluttkvaliteten vert dokumentert. Forsking over fleire år viser at gjenbruksasfalt held høg kvalitet. Meir bruk av gjenbruksasfalt vil òg styrke arbeidet med reduserte klimautslepp, og gje eit betre grunnlag for å utvikle ein sirkulærøkonomi knytta til å leggje asfalt.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Noreg har høge kvalitetskrav til vegbyggingsmaterialar grunna tøffe klima- og trafikkpåkjenningar. Dette gjeld særleg vegdekket, der piggdekkslitasjen tradisjonelt har vore den kritiske nedbrytingsfaktoren. Desse krava til kvalitet er avspegla i vegnormalar og retningslinjer
Hovudregelen er at når ein asfaltert veg blir frest i regi av Statens vegvesen, får entreprenøren tilgang på fresemassen som sin eigedom. På høgtrafikkerte vegar, der fresemassen har ekstra høg materialkvalitet og dermed høg verdi, legg ein i kontraktane til rette for at materialane kan nyttast i produksjon av høgverdig asfalt, gjerne til bruk på same vegstrekning. Dette er både rasjonelt og miljøvennleg.
Av mengdene som vart brukt om att i 2017, gjekk 30 pst. til varm asfaltproduksjon, medan 69 pst. gjekk til såkalla ubunden bruk. Ubunden bruk inneber at materialane blir nytta i forsterkningslag, anleggsvegar, dekke på lågtrafikkerte vegar, til forkiling, oppretting m.m., utan tilsetting av nytt bindemiddel. Det er ikkje tilfeldig at denne måten å bruke materialane på har vorte så populær, då frest og/eller knust asfalt har svært mange gode praktiske og funksjonelle eigenskapar som gjer den godt eigna på eit veganlegg. Med dette sparar ein tilsvarande mengder nye materialar.
Statens vegvesen har satt som mål å auke bruken av returasfalt i produksjonen av asfalt til dekke, slik at høgkvalitet steinmateriale og det gamle bindemiddelet blir nytta på ein meir optimal måte. Men det er eit problem at ikkje alle godkjente asfaltmottak har areal og plass til å separere returasfalten i lagerhaugar ut frå opphav og kvalitet. Dermed vil ein mange stader ha lagerhaugar med asfalt med ulikt opphav og varierande kvalitet. Dette set grenser for kor mykje av slike materialar som kan inngå i asfalt til høgtrafikkerte vegar.
Der det ligg til rette for at ulike kvalitetar kan handterast kvar for seg, spesielt at fresemassar frå høgtrafikkerte vegar kan lagrast separat utan at andre materialar forringar kvaliteten, freistar Statens vegvesen å styre desse materialane inn i produksjonen av tilsvarande høgkvalitets asfalt, eksempelvis såkalla skjelettasfalt som er den mest slitesterke asfalttypen vi har.
Eg meiner vi gjer mykje for å legge til rette for meir miljøvennleg asfaltproduksjon i samferdselssektoren. Samstundes forventar eg at alle aktørar i sektoren bidreg til forbetring, der det er moglegheit for det.