Skriftleg spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:721 (2020-2021)
Innlevert: 11.12.2020
Sendt: 11.12.2020
Svart på: 16.12.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Vil statsråden legge fram investeringspropisjon for Stad Skipstunnel for Stortinget så raskt som råd, i god tid før påske, slik at Stortinget får høve til å vedta rammer for prosjektet og slik sikre oppstart så raskt som råd?

Grunngiving

I budsjettavtalen med regjeringspartia fekk FrP gjennomslag for startløyving til Stad skipstunnel. Det er utrulig viktig at vi no kjem raskt i gang med bygging av dette viktige prosjektet.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet. Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette langs kysten. Ein tunnel gjennom Stad vil gjere sjøvegen meir framkomeleg og trygg langs denne utfordrande delen av kystruta. Prosjektet vil òg legge til rette for ei etablering av snøggbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport.
Etter budsjettforhandlingane mellom regjeringa og Framstegspartiet, er det sett av midlar til oppstart av Stad skipstunnel i 2021.
Stad skipstunnel er enno ikkje behandla av Stortinget. Regjeringa vil, så snart som mogleg, legge fram ein proposisjon for Stortinget med styrings- og kostnadsramme for Stad skipstunnel.
Eg legg til grunn at vi skal få lagt fram ein slik proposisjon for Stortinget før påske.