Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1540 (2020-2021)
Innlevert: 05.03.2021
Sendt: 08.03.2021
Svart på: 15.03.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Kva forsikringar har statsråden fått og kva tiltak vil statsråden iverksette, som sikrar dei grøne norske arbeidsplassane innan dei selde Hydro valseverka og den eksisterande aluminiumsproduksjonen i Hydro, og det bes spesielt om svar vedkommande Høyanger og Årdal?

Grunngiving

Hydro har selt valseverka på Holmestrand og Karmøy i dag. Verka er tett integrert med Høyanger og Årdal, som leverer valseblokkene.
Norsk aluminiumsproduksjon er verdas reinaste. Næringsministeren har sjølv under besøket i Årdal understreka at Hydro er verdsleiande på aluminiumsproduksjon avdi dei bygg produksjonen sin på rein vasskraft. Ved salet av valseverka så kan ein risikere at nye eigarar av bedriftsøkonomiske omsyn, vel produkt frå land med eit langt høgre karbonavtrykk enn kva som vert produsert i Norge. Karbonlekkasje er ei velkjend problemstilling i industrien, og det kreves aktive politiske tiltak for å sikre at manglande prising av miljø, klima og bærekraft i andre land konkurrerer ut norsk rein aluminium. Som medeigar i Hydro forutset eg at statsråden var informert i forkant av salet.

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Norsk Hydro ASA har over ei tid gjennomført ei strategisk vurdering for å evaluere kva som er den optimale eigarstrukturen for Rolling. NFD har vore orientert om dette på linje med marknaden. Salet av Rolling er selskapsleiinga sitt ansvar, og som ei børsnotert verksemd pliktar Hydro å handsame aksjeeigarane sine likt, om ikkje anna kan grunngjevast ut frå fellesinteressa til føretaket og aksjeeigarane.
Eg har forståing for at dei tilsette i Rolling er uroa for stillingane sine. Eg er oppteken av at den nye eigaren tek godt vare på dei norske valseverka og arbeidsplassane, og eg har merka meg at dei uttrykkjer vilje til å utvikle Rolling vidare og er innstilt på å nytte sine ressursar slik at verksemda kan nå sitt fulle potensial. Eg har og forståing for spørsmål om kva salet kan bety for resten av Hydro si verksemd i Noreg. Hydro opplyser at aluminium frå Høyanger, Årdal og Karmøy går til Rolling og at dette vert vidareført etter salet med kontraktar av ei viss varigheit. Ifølgje Hydro går om lag 20-25 pst. av konsernets norske produksjon av Sheet ingot til verksemdsområdet Rolling. Eg er oppteken av at Hydro posisjonerer seg godt som ein stor, føretrekt leverandør for Rolling også etter salet. Hydro gjev uttrykk for at føretaket vil arbeide for dette, på same måte som ovanfor andre store eksterne kundar.
Regjeringa arbeider for at klimapolitikken skal skape vekst. I Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 syner me korleis me skal nå målet vårt under Parisavtala og omstille Noreg. Ved å setje opp avgifter på utslepp og samstundes senke andre skattar og avgifter, i tillegg til å bidra til risikoavlasting der det er formålstenleg, legg den samla klimapolitikken til regjeringa til rette for lønsam, grøn omstilling. Regjeringa har aktivt bidrege til å motverke karbonlekkasje mellom anna gjennom CO2-kompensasjonsordninga for kraftkrevjande industri, og me arbeider no med å vurdere korleis ei norsk ordning for CO2-kompensasjon kan sjå ut for 2021-2030. Ei vidareføring av den norske ordninga for CO2-kompensasjon krev forskriftsendring som må på høyring før ordninga kan notifiserast til ESA for godkjenning. Gjennom eit verkemiddelapparat som er styrka betrakteleg legg me til rette for utvikling av lågutsleppsløysingar og støttar innovasjon og utvikling i industrien.
Norsk prosessindustri er verdsleiande på klimaeffektivitet. I Noreg vert det i dag produsert aluminium og andre industriprodukt med blant dei lågaste klimagassutsleppa i verda. Norsk prosessindustri har vore aktiv og er godt posisjonert for berekraftig vekst, og dette er synleggjort i Prosess21 sin sluttrapport, kor det vert peikt på at eksportverdien i prosessindustrien truleg kan doblast innan 2030. Ved å sørgje for gode samla rammevilkår for verdiskaping og å føre ein offensiv klimapolitikk som fremjer grøn omstilling legg regjeringa til rette for at industrien kan halde fram med å satse på grøne produkt og løysingar framover.