Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1956 (2020-2021)
Innlevert: 18.04.2021
Sendt: 19.04.2021
Svart på: 21.04.2021 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Kva meiner justisministeren er situasjonen i dag for overtalige domstolleiarar med tanke på grunnlovsvernet deira, forflytningsvernet, arbeidsplikta og domstolane si uavhengigheit, og dersom justisministeren vurderer dette annleis i dag enn slik det var i 2003, kva er grunnlaget for dette?

Grunngiving

Då Stortingets fleirtal før jul vedtok ei massiv sentralisering av landets førsteinstansdomstolar, var det mange spørsmål som ikkje var avklart. No har DA bestemt seg for å sette til side dommaranes grunnlovsvern i samband med gjennomføringa av strukturreforma. I 2003 inngjekk Dommerforeningen og DA ein avtale i samband med forrige domstolreform. Der vart det slått fast at overtalige domstolleiarar hadde eit grunnlovsvern og derfor ikkje hadde arbeidsplikt i ny domstol, men hadde rett til å behalde tittel og lønn.
Dette var ein konsekvens av grunnlovsvernet. Ved gjennomføringa av denne reforma tek regjeringa og DA det motsette utgangspunkt, nemleg at overtalige domstolleiarar har plikt til å halde fram 100% som dommarar i ei ny domstol. Dette er bestemt utan at det har skjedd endringar i rettskjeldebiletet. Tvert om har ein i den seinare tid praktisert prinsippa frå 2003 som då vart statspraksis. Høgsterettsdommar Karl Arne Utgård har laga eit notat som slår fast at grunnlovsvernet til domstolleiarane gjeld for rolla som domstolleiar og at ein ikkje kan skille leiarrolla frå dommarrolla, slik regjeringa og FrP synes å ha lagt til grunn då dei uttalte at overtalige domstolleiarar skulle arbeide 100 % som dommarar i ny domstol etter reforma. Han tilbakeviser notat innhenta frå DA og Dommerforeningen på dette punktet og viser kvifor deira standpunkt manglar forankring i rettskjeldene. Vidare ser ein ved gjennomføringa av reforma også heilt vekk frå forflytningsvernet dommarane har – som også er ein grunnpilar for å sikre domstolane si uavhengigheit. Det er uvisst kvifor Dommerforeningen ikkje synest å reagere på dette. Det er kritikkverdig at regjeringa og FrP vedtok ei reform utan å utgreie konsekvensane av reforma, som om reforma ville bli ekstra kostbar på grunn av grunnlovsvernet og domstolane si uavhengigheit.
No set dei eitt av dei viktigaste rettstryggleiksprinsippa for borgarane til side, nemleg domstolane si uavhengigheit, for å bøte på manglande utgreiingar og utan nødvendig lovgrunnlag.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Domstolledere som ikke utnevnes til ledere i de sammenslåtte domstolene vil ha krav på å beholde lønn og tittel, og rett og plikt til å videreføre sitt arbeid i dømmende stillinger. I forbindelse med gjennomføringene av endringene i domstolstrukturen er ikke staten på et generelt plan bundet av avtaler inngått i forbindelse med tidligere strukturendringer, men må forholde seg til gjeldende lovgivning på området og individuelle arbeidsavtaler.