Skriftleg spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2096 (2020-2021)
Innlevert: 02.05.2021
Sendt: 03.05.2021
Svart på: 10.05.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Kva er status knytt til fastsetting av nye retningslinjer for CO2-kompensasjon for industriverksemder i Noreg?

Grunngiving

Som svar på skriftlig spørsmål frå underteikna 29. januar svara statsråden mellom anna fylgjande:

"Regjeringa arbeider med å vurdere korleis ei norsk ordning for CO2-kompensasjon kan sjå ut. Ei vidareføring av den norske ordninga for CO2-kompensasjon krev forskriftsendring som må på høyring før ei ordning kan bli notifisert til ESA for godkjenning."

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: ESA vedtok retningslinjer for CO2-kompensasjon for perioden 2021-2030 16. desember 2020. Desse retningslinjene vil gjelde for Noreg og dei andre EFTA-landa.
Regjeringa vil vidareføre den norske CO2-kompensasjonsordninga for perioden 2021-2030. Vi arbeider med å vurdere korleis ei ny forskrift om CO2-kompensasjon for industrien kan innrettast i Noreg.
Regjeringa held fram arbeidet opp mot EFTAs overvakingsorgan (ESA). Arbeidet inkluderer mellom anna å få fastsett ein metode for å berekne den norske karbonfaktoren (kvotepris-innslaget i kraftprisen). Den norske karbonfaktoren må reflektere Noreg sin situasjon når det gjeld vasskrafta og gi mest mogeleg føreseielegheit for industrien. Regjeringa arbeider også for at norske enkeltverksemder som isolert sett er rekna som karbonlekkasjeutsette blir inkludert i CO2-kompensasjonsordninga, sjølv om dei etter retningslinjene høyrer til ein sektor som på europeisk nivå ikkje er rekna som karbonlekkasjeutsett.
Regjeringa tar sikte på å sende ei ny forskrift om CO2-kompensasjon på høyring hausten 2021. Etter høyringa er over kan den nye kompensasjonsordninga bli notifisert til ESA for godkjenning.