Skriftleg spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2730 (2020-2021)
Innlevert: 04.08.2021
Sendt: 04.08.2021
Svart på: 12.08.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Viser til avslag på søknad om midler til kartlegging og opprydding av marint søppel rundt Randsfjorden og Mjøsa, innsendt av Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter fra 20.01.21. Ryddeaksjoner er gjennomført her i flere år.
Hvilke vurderinger ligger bak avslaget, og hvorfor kommer EØS og statsstøtteregulativet i veien for viktig lokal og frivillig engasjert opprydding, som mobiliserer alt fra skoleelever, lag og foreninger til bedrifter i en viktig bekjempelse av forsøpling og mikroplast i og rundt verdifulle vannområder i Oppland?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Tiltak mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast er høgt prioritert av regjeringa og tilskotsordninga mot marin forsøpling er ein viktig del av regjeringa si satsing mot marin forsøpling. Regjeringa legg i desse dagar også fram ein heilskapleg plaststrategi som handlar om globale, regionale og nasjonale tiltak mot plastforureining.
Som representant Knutsdatter Strand skriv, søkte Dokkadeltaet nasjonale våtmarksenter om tilskot på til saman 1,3 millionar kroner under Miljødirektoratets tilskotsordning for tiltak mot marin forsøpling, men fekk avslag på søknaden sin. Dette kjem av at tilskotet reiser statsstøtterettslege problem. Avslaget er ikkje påklaga.
Departementet har vore i kontakt med Miljødirektoratet om saka. Miljødirektoratet skriv at dei i år fekk inn totalt 90 søknadar med ein søknadssum på om lag 160 millionar, mens ordninga er på 70 millionar. Det har derfor vore naudsynt for Miljødirektoratet med ein nøye prioritering ved fordeling av tilskotsmidlane. Gjennom årets tildelingar har Miljødirektoratet prøvd å sikre ein god geografisk fordeling av midlane, og Miljødirektoratet har i tråd med utlysinga prioritert store, samordna prosjekt som organiserer regionale eller nasjonale opprydningstiltak.
EØS-avtalen artikkel 61 (1) legg ned eit forbod mot å tildele statsstøtte. Forbodet mot statsstøtte gjeld verksemder som driv med økonomisk aktivitet og som opererer på ein marknad i konkurranse med andre. Formålet med forbodet mot statsstøtte er å ivareta konkurransen innanfor EØS-området.
De seinaste åra har det skjedd ein utvikling rundt rydding og førebygging av marin forsøpling, som gjer at det etter Miljødirektoratets vurdering har oppstått ein økonomisk marknad for slike tenester. Dokkadeltaet nasjonale våtmarkssenter er eit naturinformasjonssenter som òg utfører ei rekke ulike miljøfaglege tenester, medrekna konsulentverksemd for både offentlege og private aktørar. Miljødirektoratet meiner derfor at det er ei verksemd som leverer tenester i ein marknad og som driver økonomisk aktivitet, og som dermed er omfatta av reglane om forbod mot statsstøtte. Sidan tilskotet vil gi selskapet ein økonomisk fordel, oppstår det spørsmål om eit eventuelt tilskot kan vere i strid med forbodet mot statsstøtte. Det kan eksempelvis vere ei fare for kryssubsidiering, dvs. at midlar som er løyva til den ikkje-økonomiske aktiviteten tilflyt den kommersielle delen av verksemda.