Skriftleg spørsmål fra Ulf Isak Leirstein (Uav) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2908 (2020-2021)
Innlevert: 30.08.2021
Sendt: 31.08.2021
Svart på: 07.09.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Ulf Isak Leirstein (Uav)

Spørsmål

Ulf Isak Leirstein (Uav): Fedje kommune ønskjer å kome til eit kompromiss med Kystverket, med omsyn til den regulerte lokaliteten for akvakultur i Hjeltevarden.
Kvifor er det ikkje mogeleg å opne for ein ny dialog mellom Fedje kommune og Kystverket med omsyn til dette oppdrettsfeltet?

Grunngiving

Fedje er ein liten øykommune lengst vest i havet. Det har vore stasjonert losar her sidan 1700-talet. Losvesenet, og det øvrige samfunns- og næringsliv, har gjennom historia klart å eksistere godt saman.
Fedje kommune er ein kommune med dramatisk negativ folketalsutvikling. 2. kvartal i 2021 var det nede på 521 innbyggjarar (SSB). Dette har ringverknader. Nedgangen i folketal gjer at private næringar, mellom anna butikk, kafe, restaurant, entreprenør, tømrar og andre lokale tenestetilbydarar får mindre omsetning.
Folketalsutvikinga går også utover kommunen sine inntekter, som igjen går utover kommunen sin tenester. I sum vert dette ein negativ spiral som kan få fatale konsekvensar for busetnaden på Fedje. For å snu denne utvikinga i positiv retning treng Fedje kommune nye arbeidsplassar.
Busetnad handlar om næringsverksemd, og potensialet for Fedje ligg i stor grad innan maritime næringar.
Fedje kommune sin kommuneplan vert vedteken 14.03.2013 (k-sak 013/13). I denne planen er eit område i Hjeltevarden regulert til planformål akvakultur. Kystverket kom ikkje med noko motsegn mot denne planen, men protesterte seinare når oppdrett skulle utplasserast. Samtlege maritime faginstansar vurderer lokaltiteten i Hjeltevarden svært godt eigna for akvakultur sett i regional samanheng. I arbeidet med «Interkommunal plan for sjøareala i Nordhordland» kjem Fedje kommune til å fokusere på dei naturlege fordelane for akvakultur Fedje har.
Fedje kommune er på tilbodsida her og har forsøkt å få til ein ny dialog med Kystverket. Arbeidsplassar og inntekter er avgjerande for framtida til Fedje. Me forstår at Losvesenet har sine behov, men sidan denne saka er så viktig for Fedje kommune håpar me at interessene kan sameinast på ein måte som alle partar kan leve med. Kystverket har signalisert at oppdrettsfeltet i Hjeltevarden må bort, og dei har ikkje vore viljug til vidare dialog.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg har stor forståing for Fedje kommune sitt ynskje om å leggje til rette for næringsverksemd i kommunen. Kystverket har ved fleire høve vore i dialog med Fedje kommune og aktuelle akvakulturaktørar om lokalitet for akvakultur aust for Fedje, ved Hjeltevarden. Seinast i vinter har Kystverket svart Vestland fylkeskommune, med kopi til Fedje kommune, om moglegheita for akvakultur i området. Av omsyn til tryggleiken til sjøs er det vanskeleg å kome til eit kompromiss som inneber etablering av akvakulturanlegg ved Hjeltevarden.
Det har i fleire omgangar vore søkt om å få etablere akvakulturanlegg i dette området. I denne samanheng har Kystverket gjort nautiske vurderingar av konsekvensen av slike anlegg. Kystverket har ikkje funne det tilrådeleg å gje løyve til slik aktivitet av omsynet til tryggleiken for sjøtrafikken, fordi det ligg eit alternativt losbordingsfelt i dette området.
Alternative losbordingsfelt må kunne nyttast når det er så dårleg vêr at det ikkje er forsvarleg å nytte dei ordinære losbordingsfelta. Det aktuelle området på austsida av Fedje, ved Hjeltevarden, gjev le for dårleg vêr med vestleg vind og sjøgang. Under krevjande vêrtilhøve går fartøya så nær opp mot land som mogleg for å sikre le for å kunne utføre ein sikker losbordingsoperasjon. Etablering av akvakulturanlegg i området vil vere til hinder for sikker manøvrering nær land ved Hjeltevarden. Kystverket si faglege vurdering er difor at etablering av akvakulturanlegg i området kjem i konflikt med sikker utøving av lostenesta som eit førebyggande tiltak for tryggleik til sjøs.
Kystverket har òg kartlagt og vurdert moglege alternativ til losbording på austsida av Fedje ved fleire høve, både i 2012, 2014 og 2015. I alle desse omgangane har konklusjonen vore at det ikkje finst alternative sjøområde ved det ordinære losbordingsfeltet ved Fedjeosen som kan nyttast under særskilt krevjande vêrtilhøve. Det er i denne samanheng viktig å vere klar over at dei alternative losbordingsfelta både må ligge i fortsettinga av dei ordinære losbordingsfelta, og på ein stad som gjev le frå dei vêrtilhøva som gjer at det ikkje er mogleg å nytte dei ordinære losbordingsfelta.
Av omsyn til tryggleik for sjøtransporten, og av omsyn til tryggleiken for losane og mannskapet på losbåtane, er det difor viktig at området aust for Fedje, ved Hjeltevarden, vert oppretthalde som område for trygg losbording ved vêrtilhøve som gjer at det ordinære losbordingsfeltet ved Fedjeosen ikkje kan nyttast. Dette let seg dessverre ikkje kombinere med etablering av akvakulturanlegg i det same området.