Skriftleg spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2948 (2020-2021)
Innlevert: 05.09.2021
Sendt: 06.09.2021
Svart på: 13.09.2021 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Ifølge Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil aukte straumprisar gje norske bønder ekstra utgifter på mellom 500 og 750 mill. kr. Fleire tomatprodusentar oppgjev at dei vurderer å leggje ned verksemda fordi det ikkje er lønnsemd i drifta med dagens straumprisar, og andre seier at dei må gå tilbake til fossil energi til t.d. korntørkarar når effekttariffane kjem.
Bønder som har fulgt oppfordringa om å gå over til el for å kutte utslepp er no hardast råka – kvifor vil ikkje statsråden hjelpe dei?

Grunngiving

Regjeringa har ført ein politikk som gjev aukte kraftprisar til m.a. bønder. T.d. har ein bygd nye utanlandskablar som gjev ein betydeleg prisauke i Sør-Noreg, og ein har aukt el-avgifta med 50 prosent nominelt. Samstundes vedtok ein i sumar ei uklar forskrift som truleg vil føre til at fleire straumkundar må betale eit såkalla effektledd på nettleiga, noko som kan gje ekstrautgifter i hundretusenkroner-klassen for einskilde gardbrukarar, ifylgje opplysingar som m.a. har vore omtalt i pressa tidlegare. Bøndene ber no om hjelp for å handtere den betydelege utgiftsauken. Dei som har størst behov for hjelp, er gjerne dei som har fylgt oppmodinga om å leggje om drifta for å kutte utslepp, med t.d. elektrisk oppvarming eller korntørking. Det verkar som eit paradoks at dei som har vore flinkast til å etterkoma styresmaktene sine ynske, no vert kontant avvist når dei ber om hjelp til å handtere det som for mange er ein prekær situasjon.

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Svar

Olaug Vervik Bollestad: Den 12. august blei det klart at staten og jordbrukets organisasjonar starta tilleggs-forhandlingar jf. § 2-4 i Hovudavtalen for jordbruket. I møte 20. august protokollerte partane:

"Partene viser til at det både i krav, tilbud og proposisjonen om jordbruksoppgjøret er understreket at det er stor usikkerhet om utviklingen til 2022 på flere poster, både på inntekts- og kostnadssiden. Det har skjedd en vesentlig prisøkning på elektrisk kraft i løpet av sommeren 2021. Det er normalt at kraftprisene varierer vesentlig, og det er for tidlig å fastslå hvilken kostnadsendring som vil bli resultatet for perioden t.o.m. 2022.
Partene skal se spesifikt på hvor store kostnadsøkningene på kraft ble fra 2020 til 2021 og ta stilling til hvordan dette skal håndteres, normalt som en del av jordbruksoppgjøret i 2022."

Partane er derfor einige om at ein ikkje skal handsame auka straumprisar i desse tilleggs-forhandlingane, men at ein i jordbruksoppgjeret 2022 vil gjere ei samla vurdering av alle endringar i inntekter og kostnadar i jordbruket.