Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2082 (2021-2022)
Innlevert: 16.05.2022
Sendt: 18.05.2022
Svart på: 27.05.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden sjå på saka og gjera ei politisk vurdering om omgjering av Statsforvaltaren sitt vedtak slik at dei lokale folkevalgte sin vurdering vært gjeldane og det vært etablert arbeidsplasser i distriktet?

Grunngiving

Slik eg har forstått det ynskjer Kommunalministeren både arbeidsplasser i distriktet og meir lokalt sjølvstyre.
I Bjørnafjorden kommune søkte nokre grunneigarar om å få dele frå ein tomt til ei lokal verksemd som har opplevd vekst og treng meir areal. Dette sa dei lokale folkevalde ja til, mens statsforvaltaren i Vestland klaga på vedtaket. Området er i område sett av til næring i kommuneplanen og soleis i tråd med overordna plan. Lokalpolitikarane ynkste å gje dispensasjon frå plankravet for denne tomten med god grunngjeving. Saka gjekk til settestatsforvaltar i staden for departementsbehandling og statsforvaltaren i Rogaland støtta Statsforvaltaren i Vestland framfor dei folkevalde i kommunen.
Dermed kan det sjå ut til at ei sårt tiltrengt utvidelse av bedriften i denne delen av Bjørnafjorden kommune der næringsetablering er sårt tiltrengt.
Saka har ref. 2021/12297 hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Spørsmålet gjeld ei konkret sak om frådeling av ein næringseigedom i Bjørnafjorden kommune. Gjeldande tomt er del av eit større ubygd område som er avsett til næringsformål i kommuneplanen. Det er i kommuneplanen sett krav til at arealet skal inngå i ein reguleringsplan, før løyve til tiltak kan bli gitt. Det er ikkje utarbeidd ein reguleringsplan for arealet, og ei frådeling er derfor i strid med plankravet i kommuneplanen og plankravet i plan- og bygningslova. Bjørnafjorden kommune gav den 1. september 2021 dispensasjon frå både plankravet i kommuneplanen og i plan- og bygningslova.
Statsforvaltaren i Rogaland har behandla klagesaka som setjestatsforvaltar, og har i vedtak 24. februar 2022 teke til følgje klagen frå Statsforvaltaren i Vestland. Dispensasjonsvedtaket vart dermed avslått. Statsforvaltarens vedtak er mellom anna grunngitt med at området er ubygd, og at det må avklarast kor mykje utbygging det skal vera i området, og utforming av bygningar og infrastruktur. Eigedommen som er søkt frådelt ligg hovudsakleg innanfor 100-meterbeltet til sjøen, og noko av den konkrete tomta og store delar av det resterande næringsområdet ligg i omsynssone for ras og skred. Det er difor mykje som må avklarast før utbygging. Omsynet til utgreiing, medverknad og føreseieleg arealforvalting blir sikra gjennom ein planprosess, noko som ikkje er mogleg ved ein dispensasjon.
Statsforvaltaren har på denne bakgrunnen lagt til grunn at ein dispensasjon for frådeling av den konkrete næringstomta vil setja til side omsynet bak plankravet. Vilkåra for å kunne gje dispensasjon etter plan- og bygningslova er dermed ikkje oppfylt. Kravet i lova inneber at dispensasjon berre er ein unntaksregel, og ein sikringsventil. Stortinget har lagt til grunn, seinast ved lov 18. juni 2021 nr. 130, at arealendringar skal skje ved ein planprosess i kommunen, og ikkje gjennom enkeltvise dispensasjonar som kan utfordre den heilskaplege arealdisponeringa til kommunen.
Eg kan ikkje sjå at departementet har grunnlag i forvaltningslova for å gjere om denne konkrete saka. Statsforvaltaren har gjort eit endeleg vedtak i saka 24. februar 2022, og vedtaket er ikkje ugyldig.