Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:2336 (2021-2022)
Innlevert: 13.06.2022
Sendt: 14.06.2022
Svart på: 20.06.2022 av olje- og energiminister Terje Aasland

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Er Bremanger Vindkraftverk AS omfatta av vedtak nr. 799 gjort av Stortinget 19. juni 2020, der Stortinget ber regjeringa om ikkje å gi utsett frist for vindkraftverk med gyldig konsesjon ut over 31.12.2021?

Grunngiving

I handsaminga av representantforslag 143 S (2019-2020) om sterkere vern av natur i vindkraftsaker, gjorde Stortinget 19. juni 2020 eit samrøystes vedtak der Stortinget ba regjeringa om ikkje å gi forlenga frist for idriftsettelse av vindkraftverk med gyldig konsesjon utover 31.12.2021. Det har vore stor motstand mot bygginga av dette vindkraftverket og svært mange klaga godkjenninga av MTA planen, som no ligg til handsaming i OED. Bremanger Vindkraftverk AS fekk konsesjon til å bygge vindkraftverk i Bremanger kommune 6. juni 2017, etter at OED omgjorde NVE sitt vedtak av 1. desember 2015 om å ikkje gi konsesjon til vindkraftverket. Kommunen har avslått søknaden frå Bremanger Vindkraftverk om dispensasjon frå LNFR område for planområdet to gongar, og OED har avslått søknad om å gi vindkraftverket verknad som statleg arealplan. Bremanger Vindkraftverk søkte på nytt om dispensasjon frå LNFR området for planen 6. november 2020 men kommunen gjorde vedtak om å avvente klagebehandinga av detaljplanen som enno ligg til handsaming i OED.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Konsesjonen til Bremangerlandet vindkraftverk har vilkår om idriftsettelse innen 1. september 2022. Anmodningsvedtaket av 19. juni 2020 treffer derfor ikke helt for dette prosjektet. Uavhengig av det, vil hensynene som ligger bak anmodningsvedtak nr. 799 og presiseringene av hvordan det skal forstås i Innst. 9 S (2020-2021), med tanke på betydningen av hvordan vertskommunene stiller seg til utsettelse, veie tungt i alle saker om utsatt frist. Søknader om utsatt frist for idriftsettelse må for øvrig underlegges en konkret vurdering i det enkelte tilfellet.