Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:174 (2022-2023)
Innlevert: 19.10.2022
Sendt: 20.10.2022
Svart på: 26.10.2022 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Sjølv om tidlegere statsrådar har nekta at det skjer brot på CITES-konvensjonen med Norsk import av isbjørnskinn, som er nest størst i verda, har mykje dokumentasjon på at nettopp dette skjer kome fram. Det er påvist manglande merking av skinn, hausting på ikkje bærekraftige bestander, og ingen totalkvote på jakt i enkelte område.
Vil statsråden ta initiativ i samband den komande internasjonale CITES-møtet i november for å følge opp NPs og VKMs vurderingar eller innføre et moratorium på import av isbjørnskinn?

Grunngiving

Mykje tyder på at Noreg bryt CITES-konvensjonen på tre viktige punkt:
1. Handel med trua dyreartar (som isbjørn) skal etter CITES-konvensjonen garanterast å vere frå lovleg jakt. Einaste lovlege isbjørnjakt skjer i Canada. Der er det krav om at alle skinn som skal eksporterast skal ha ein fysisk tag (eit merke) festa til skinnet. Av ymse grunnar har mange (truleg dei fleste) isbjørnskinna som har kome til Norge ikkje denne tagen. Dette gjer at skinn ikkje kan sporast, og at eksporten frå Canada dermed er ulovleg. Dette kan Sheldon Jordan (sheldon.jordan@canada.ca) som er sjef for Canada Wildlife Law Enforcement stadfeste. Utan tagen (i metall eller plast) er det ikkje mogleg å garantere at isbjørnskinn kjem frå den staden eksportørar hevdar dei kjem frå. CITES export papir fra Canada er svært lett å forfalske, og det hjelp lite at skinn uten tag kjem med CITES export papir. Utan tag er det ikkje mogleg å spore skinna og ein ikkje kan ikkje garantere at isbjørnskinna som kjem til Noreg er lovlege å selje. Dette vil seie brot på CITES-avtalen.
NB: Dette er noko som Norsk Polarinsitutt har informert KLD om ein rapport i 2019.
2. CITES-konvensjonen krev er at handel med trua dyreartar (som isbjørn) må foregå på bestandar med berekraftig forvalting og uttak. For nokre delbestandar i Canada har dette vore tilfelle, medan i andre område har kommersiell handel halde fram sjølv om bestandane har gått ned. Siden 2019 har det kome ei dramatisk endring i forvaltninga av isbjørn i Canada der ein tillet å doble talet på hobjørnar som kan skytast uten at totalkvoten vert redusert. Canada har auka totalkvotane i fleire viktige område i Canada for å redusere talet på isbjørn. Dette gjeld spesielt bestandane i Baffin Bay, Davis Strait, Foxe Basin, Western Hudson Bay og Southern Hudson Bay. Her er kvotene på 5% eller meir, noko som er ekstremt høgt spesielt med så stor avskytning av hobjørnar. I fleire område i Canada går ein aktivt inn for å redusere talet på isbjørnar. Det er eit klart brot på CITES-avtalen å tillate kommersiell handel av isbjørnskinn frå slike område. Dette er informasjon som KLD har kjennskap til, men som det er valgt å ikkje ta omsyn til.
3. I Quebec finst det ikkje ein totalkvote for jakt på isbjørn, ei heller krav om å rapportere.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Jeg er enig med representanten i at det er viktig å ha oppmerksomhet om forvaltningen av isbjørn. Jeg er opptatt av at handel med isbjørnskinn skjer i tråd med CITES-konvensjonen og vår nasjonale CITES-forskrift, og av at internasjonal forvaltning av isbjørn er bærekraftig.
Norge er part i CITES-konvensjonen, og vil delta i partsmøtet som avholdes i november i Panama. Regulering av internasjonal handel med isbjørnskinn er ikke meldt opp som en egen sak for behandling i det kommende partsmøtet. Fra norsk side er det heller ikke tatt initiativ til dette.
En viktig grunn til det er at Klima- og miljødepartementet har til vurdering ulike spørsmål om import av isbjørnskinn fra Canada. Departementet har tidligere innhentet faglige vurderinger fra Norsk Polarinstitutt (NP) og Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) om emnet, og vi vurderer nå hva som bør skje videre. Om det er behov for nye tiltak for å regulere import av isbjørnskinn til Norge, og i så fall hvordan et slikt tiltak best kan gjennomføres, er en del av dette. Jeg mener imidlertid det er for tidlig å ta dette opp på det kommende partsmøtet. Dersom jeg kommer til at det bør gjøres endringer i gjeldende regelverk for import av isbjørnskinn vil et slikt forslag bli sendt på alminnelig høring.