Skriftleg spørsmål fra Terje Kollbotn (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:752 (2022-2023)
Innlevert: 16.12.2022
Sendt: 16.12.2022
Svart på: 02.01.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Terje Kollbotn (R)

Spørsmål

Terje Kollbotn (R): Har statsråden fått gjennomført eit kostnadsoverslag på kva ein varig og fullverdig rassikringsløysing i Oaldskor mellom Osklatunnellen og Stanatunnellen på riksveg 13 vil koste, og er dette noe regjeringen vil prioritere å få gjennomført?

Grunngiving

Eitt av dei mest rasutsatte partia på den som er rekna som den mest rasutsatte riksvegen i landet, riksveg 13 på Vestlandet, er Oaldskor mellom Okslatunnellen og Stanatunnellen nord for Tyssedal i Ullensvang kommune.
I somar gjekk det nok eit stort ras (og fleire mindre ras) over riksveg 13 i Oaldskor. Vegen vart sperra vegen i fleire døgn (med ein døgntrafikk på over 3 000 bilar, midt i turistsesongen). Det var nok eingong eit under at ikkje liv gjekk tapt.
Etter dette har det vore satt ut eit mellombels og døgnkontinuerleg vakthald i Oaldskor, for å kunne sperre vegen på kort varsel ved nye ras. Samstundes er arbeidet i gong med å sette opp eit nytt og noe sterkare fangnett, etter at det tidlegare fangnettet vart tatt i det siste raset.
Lokale kjentfolk, anleggsekspertise, lokalpolitikarer og lokalbefolkninga elles meiner at eit nytt fangnett langt i bfrå er tilstrekkeleg og vil gje falsk tryggleik. Det er behov for ein trygg, varig og fullverdig løysing – ein solid portal (med bakfylling og skrått armert betongtak) som bind dei to tunellane saman (ca. 60 meter). Ei slik løysing sikrar at framtidige ras vil gå over vegbanen og rett i Sørfjorden.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Strekninga Rv13 Skaret – Sogndal vart overført til Nye Vegar AS i samband med behandlinga av Nasjonal Transportplan 2022-2033. Etter raset i Oaldskor i sommar avtalte Nye Vegar AS og Statens vegvesen at Statens vegvesen skulle ta denne skredsikringa med fangnett, både ved Rv. 13 Oaldskor og ved Rv. 13 Vikali lenger nord på Rv.13. Fangnett som vart montert i sommar, var den beste løysinga som kunne etablerast raskt. Det går føre seg avklaringar om når Nye Vegar AS skal overta ansvaret for Rv13.
Nytt fangnett har langt større dimensjon og kapasitet enn tidlegare montert fangnett på staden. Tidlegare nett hadde kapasitet på 2000 kJ og nytt har kapasitet på 5000 kJ. Skredløpet vart også reinska. Området står i dag fram med monaleg betre skredsikring med mindre restrisiko.
Nye Vegar AS arbeider med heilskaplege analysar av Rv.13-strekninga frå Skare (kryss med E134) til Sogndal. I samband med arbeid med ny Nasjonal transportplan (NTP) går ein gjennom behov på strekninga. Behovet for utbetringar på strekninga er stort, og sannsynlegvis vesentleg større enn dei midlane som vil kunna brukast på strekninga på kort sikt. Nye Vegar AS utarbeider derfor ein plan for å kunna prioritera dei prosjekta der utbetring vil gje størst effekt med tanke på tryggleik og framkomst. Dette arbeidet er i gang og vil halda fram inn i 2023. Det første utbetringstiltaket som selskapet planlegg å gå i gang med, er eit rassikrings- og framkomstprosjekt som ligg mellom Djupvik og Kviturtunnelen nord for Odda.