Skriftleg spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2485 (2022-2023)
Innlevert: 09.06.2023
Sendt: 09.06.2023
Svart på: 16.06.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H)

Spørsmål

Olve Grotle (H): Kva har regjeringa tenkt å gjere for å få til reelle forhandlingar med dei andre kyststatane som endar opp i semje om kvotefordelinga før dette fiskeriforbetreingsprosjektet endar i 2024?

Grunngiving

Kolmule er ein berekraftig norsk råvare som er viktig for norsk fiskefôr.
Den har mista MSC-sertifisering si på grunn av at Noreg og dei andre kyststatane, Island, Færøyane, EU, UK og Grønland, ikkje har klart å bli samde om kvotefordelinga dei siste 13 åra. Nå er dette fisket underlagt eit fiskeriforbetreingsprosjekt som endar i 2024 dersom det ikkje blir semje.
Norske fôrselskap seier at dei vil slutte å kjøpe kolmule dersom det ikkje blir semje om dette innan 2024, slik at kolmule igjen kan få tilbake sertifiseringa. Da risikerer vi altså å miste denne norske fôrråvaren.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Noreg deltar og er aktiv i andelsforhandlingane om kolmule, saman med dei andre kyststatane, som er Island, Færøyane, Storbritannia og EU. Dette gjer vi innafor dei tre overordna måla som ligg til grunn for Noregs medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane for ressursforvaltning, slik desse er lagt fram i den årlege stortingsmeldinga om
fiskeriavtalane å fremme ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den beste tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming;
å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar;
å sikre tilfrestillande kontroll og handheving i dei forvaltningsregima der Noreg tek del.
Det har vore to møter om ei ny fordeling av kolmulebestanden hittil i år, utan at vi førebels har korne så mykje lenger. Saman med nokre av dei andre partane freista vi å få til eit nytt møte allereie i slutten av juni, kant i kant med eit avtalt møte om fordeling av sild, i håp om å skape framdrift i forhandlingane. Det var dessverre ikkje alle partane som ville ha eit slikt fysisk forhandlingsmøte no, og sidan Noreg ikkje leier forhandlingane, kunne vi ikkje gjere meir enn å oppmode til eit slikt møte. Det skal vera eit digitalt møte mellom delegasjonsleiarane i slutten av juni, men for forhandlingar gjer ikkje det same nytten som å møtast fysisk med delegasjonar til stadas.
Frå norsk side har vi framført at dersom det ikkje er mogleg å få til ein avtale om fordeling med verknad frå 2024, så bør partane i alle høve prøve å redusere overfisket av den avtalte totalkvoten. Dette krev også ytterlegare drøftingar utover året.
Målet må uansett vere å få til ein avtale om fordeling som inneber at samla fiske blir innanfor avtalt totalkvote, så snart som mogleg. Vi er merksame på problemstillinga som gjeld for til oppdrettsfisk, og dette har vore drøfta internt i den norske delegasjonen som består av representantar frå både sjø- og landsida i sjømatnæringa. Problemstillinga er også drøfta med nokre andre partar, og dette bør vera endå eit incitament til å nå ei samla løysing, i tillegg til det openberre målet om å sikre ei berekraftig forvaltning av kolmule.