Skriftleg spørsmål fra Guri Melby (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2858 (2022-2023)
Innlevert: 11.08.2023
Sendt: 14.08.2023
Svart på: 18.08.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Guri Melby (V)

Spørsmål

Guri Melby (V): Er det realistisk av Troms og Finnmark fylkeskommune å tru at det vil kome ekstra statlege midlar og statleg initiativ i planlegginga av Fv91 Ullsfjordforbindelsen for å realisere Nordområdevegen Tromsø-Alta, eller bør fylkeskommunen for å realisere Ullsfjordforbindelsen heller sjølv ta initiativ til regulering og planlegging av prosjektet og nytte seg av dei finansieringsordningane som allereie finst?

Grunngiving

Nordområdevegen er betegnelsen på ein raskare og kortare veg mellom Tromsø og Alta enn dagens trase på E8/E6. Når pågåande vegoppgraderingar, herunder E6 Kvænangsfjellet, er ferdige, er det kun Ullsfjordforbindelsen på Fv 91 som manglar for å kunne realisere Nordområdevegen. Innkortinga i reise mellom Tromsø og Alta vil då bli på over 100 kilometer i avstand, og langt over 1 time i reisetid. Prosjektet vil også bety svært mykje for Lyngen, som med dette får ferjefri veg til Tromsø.
Troms og Finnmark fylkeskommune har ikkje starta opp arbeid med regulering og planlegging av Fv91 Ullsfjordforbindelsen, fordi ein har forventingar om ekstra statlege midlar til prosjektet i samband med ny Nasjonal Transportplan. Det er viktig å få avklart om dette er realistisk, eller om fylkeskommunen bør gå fram på vanleg måte for eit fylkesvegprosjekt med sjølv å sørge for initiativ og framdrift i saka.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg er kjend med at Troms og Finnmark fylkeskommune har prioritert prosjektet fv 91 Ullsfjordforbindelsen høgt i sine innspell til ny Nasjonal transportplan.
Eg vil vise til at Samferdselsdepartementet har gjennomført to større utgreiingar som kan ha betydning for statlege investeringar i transportsystema rundt Tromsø og vidare nordover mot Finnmark. Det er for det fyrste Statens vegvesens konseptvalutgreiing (KVU) som så på innfartsvegar mot Tromsø. Denne vart avslutta og sendt til Samferdselsdepartementet i 2020. I tillegg vises det til den pågåande KVUen som ser på transportsystemet i heile Nord-Norge. Denne utgreiinga ser på alle dei ulike transportformane i samanheng. KVUen er no i sluttfasen og vil om kort tid bli levert til departementet.
Samferdselsdepartementet meiner at det er viktig å sjå dei to nemnde utgreiingane i samanheng. Etter at KVU Nord-Norge er ferdig vil det bli gjennomført både høyring og ekstern kvalitetssikring, såkalla KS1. Deretter vil departementet på bakgrunn av KVU-rapporten, høyringa og den eksterne kvalitetssikringa ta stilling til kva for overordna konseptuelle løysingar som skal leggast til grunn for den vidare utviklinga av transportsystemet i regionen.
I utgangspunktet er Ulsfjordforbindelsen eit fylkeskommunalt vegprosjekt, og det er fylkeskommunen sjølve som har ansvaret for å planlegge og byggje vegen. Eg vil ta med meg innspela frå Troms og Finnmark fylkeskommune inn i det vidare arbeidet med ny Nasjonal transportplan og handsaminga av KVUane. Nasjonal transportplan vil som kjent bli lagt fram for Stortinget våren 2024.