Skriftleg spørsmål fra Ine Eriksen Søreide (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2892 (2022-2023)
Innlevert: 15.08.2023
Sendt: 16.08.2023
Svart på: 24.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Ine Eriksen Søreide (H)

Spørsmål

Ine Eriksen Søreide (H): Skiller nåværende norske praksis seg fra finsk praksis for grensepasseringer av russiske statsborgere med Schengen-visum, og hva er i så fall begrunnelsen for at Norge har en annen praksis enn Finland?

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Praksis for utferding av visum til russiske borgarar vart stramma inn i mai 2022. Russarar som søkjer om Schengenvisum til Noreg med turisme som formål, vil som utgangspunkt få avslag. Praksis er også stramma inn for familiebesøk og forretningsbesøk, jamvel om det for desse gruppene framleis er mogleg å få visum etter ei individuell vurdering. Vi har altså gått langt i å skrenke inn høvet russarar har til å få visum til Noreg. Dette er gjort med bakgrunn i endra returføresetnader for denne gruppa.
Noreg har til no ikkje vedteke nasjonale reglar for å avgrense innreise for russarar, slik til dømes Finland har gjort. Dette har mellom anna samanheng med at innreisevolumet til Noreg er monaleg lågare enn til Finland, og problemstillinga har vore mindre presserande. Politidirektoratet har, etter å ha innhenta talmateriale frå Politiet si utlendingseining, opplyst at det ifølgje tal finske styresmakter har rapportert inn til Schengen-samarbeidet, var totalt 390 000 innreiser for russiske borgarar til Finland frå og med september 2022. Til samanlikning reiste 30 796 russiske borgarar inn til Noreg i perioden frå 1. oktober 2022 til 16. august 2023. Av desse hadde 22 606 Schengenvisum utskrive av ulike land, og 9 900 var utskrivne av Noreg (dei andre er mellom anna personar med opphaldsløyve i Noreg, innehavarar av grensebuarbevis, asylsøkjarar og sjømenn.) Det må takast høgd for at det kan vere dobbeltføringar i talmaterialet.
Eg vil streke under at politiet kontrollerer alle som reiser inn i Noreg frå Russland. Dei som ikkje fyller vilkåra for innreise, til dømes fordi formålet med reisa ikkje er sannsynleggjord, blir bortviste, og visumet kan også kallast tilbake.
Norske styresmakter har god oversikt over situasjonen på grensa og grensetrafikken frå Russland og vurderer fortløpande behovet for endringar i regelverk og praksis.