Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1 (2023-2024)
Innlevert: 01.10.2023
Sendt: 02.10.2023
Svart på: 09.10.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Har statsråden formidla denne ambisjonen til Statsforvalterne?

Grunngiving

Statsråden sa i forbindelse med Distriktsmeldingen at folketalet skal auka. Eit hinder for folketalsauke er motsegn frå statsforvaltere på lokale planar.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Det er eit mål for regjeringa at folk skal kunne leve gode liv i heile Noreg, at alle lokalsamfunn skal ha rom for utvikling og verdiskaping, og at folketalet skal auke i distriktskommunar.
Det er ei heil rekke faktorar som spelar inn, og er avgjerande for å nå dette målet.
Regjeringa tek sin del av dette ansvaret, og legg no fram eit budsjettforslag med mange tiltak med stor tyding for utviklinga i distrikta. Det gjeld til dømes stimuleringstiltak for bustadbygging, forbetra transporttilbod, halverte barnehageprisar i distriktskommunar og ei styrking av dei næringsretta verkemidla. Lista er lang.
Regjeringa la i juni i år fram nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Forventningane skal følgjast opp i fylkeskommunal og kommunal planlegging, og leggjast til grunn av statlege styresmakter når dei tek del i planprosessane. I dokumentet uttrykkjer regjeringa ei forventning om at det blir lagt til rette for å utvikle gode lokalsamfunn i bygd og by, i små tettstader og spreidd bygde område. Målet er ein politikk som sikrar tilgang til bustader og gode tenester, tilpassa regionale og lokale forhold. Målet er å legge til rette for ny vekst og sterkare utvikling i område med svak eller negativ utvikling i folketalet. Særleg i dei områda der folketalet går ned eller står stille, må det vere monaleg større vekt på dei lokale vurderingane og prioriteringane.
Regjeringa har i tildelingsbrevet til statsforvaltarane for 2023 formidla at det skal leggjast stor vekt på lokaldemokratiet, og at statlege motsegner skal bli færre og samordnast betre.