Skriftleg spørsmål fra Ove Trellevik (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:76 (2023-2024)
Innlevert: 09.10.2023
Sendt: 10.10.2023
Svart på: 20.10.2023 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

Ove Trellevik (H)

Spørsmål

Ove Trellevik (H): Når vil regjeringa si konklusjon og tilråding til Stortinget liggja føre, og kva milepeler ser regjeringa for seg fram mot ei slik tilråding?

Grunngiving

Ekspertutvalet som fekk i oppdrag å vurdera og tilrå vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, la tysdag 20. september 2022 fram rapporten sin. Regjeringa har tidligare signalisert at si tilråding om mulig kunne skje i framlegginga av Prop. 1 S (2023-2024). Som kjent kom det ikkje noko ny informasjon i budsjettet.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Denne saka fortener at det blir sett eit endeleg punktum så raskt som mogeleg. Rapporten frå ekspertutvalet og høyringssvara er til vurdering i Nærings- og fiskeridepartementet. Det er krevjande og komplekse vurderingar regjeringa no er i gong med, og dette arbeidet vil ta noko tid. Vi meiner det er viktig at vi bruker den tida som er naudsynt for å sikre at vi treff den rette avgjerda.
Det vil bli lagt fram forslag til vidare handtering av ubåtvraket og kvikksølvforureininga for Stortinget så snart som mogeleg etter at regjeringa har treft si avgjerd, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.