Skriftleg spørsmål fra Geir Jørgensen (R) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:79 (2023-2024)
Innlevert: 10.10.2023
Sendt: 10.10.2023
Svart på: 17.10.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Geir Jørgensen (R)

Spørsmål

Geir Jørgensen (R): Mener statsråden det er en tilfredsstillende oppfølging av jordvernstrategien å omdisponere 1 200 dekar produktiv matjord til datasenter på Kalberg?

Grunngiving

I 2023 innførte regjeringen et nytt mål for årlig omdisponering av jord på 2 000 dekar innen 2025. I Time kommune skal 1 200 dekar matjord, hvorav 284 dekar er fulldyrka, omdisponeres til å bygge datasenter på Kalberg.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Eg har forstått det slik at det i denne saken er snakk om å bygge ned om lag 560 dekar jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite), og ikkje 1 200 dekar som det står i spørsmålet. Eg har også forstått det slik at heile arealet som er sett av til næring på Kalberg/Kverneland i kommuneplanen, er på om lag 1 200 dekar.
Den nye jordvernstrategien blei vedteken av Stortinget 15. juni i år, med eit nytt og skjerpa mål som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar pr år (ned frå 3 000 dekar), og at målet skal bli nådd innan 2030. Eg meiner at dette både er eit ambisiøst og realistisk mål som vi må nå.
For å nå dette målet, er vi avhengige av at kommunane fører tilbake mykje av det arealet som er sett av til byggeformål i kommuneplanane, eller ventar med å regulere det til det er strengt nødvendig. Det er nemleg sett av svært mykje slikt areal som enno ikkje er bygd ut. Ifølgje ein fersk rapport frå Norsk Institutt for Naturforsking (NINA), er det sett av minst 140 000 dekar dyrka mark til utbygging i kommunale planar. Det motsvarar ei omdisponering i 70 år, om vi når jordvernmålet på 2 000 dekar. I tillegg skal det vera rom for utbygging av naudsynt infrastruktur som veg og bane som og vil krevje noko nedbygging.
Her ligg det eit stort potensial for å ta vare på dei viktige jordbruksressursane, og her er det mogleg for nye kommunepolitikarar å gjere noko aktivt. I dei nyleg vedtekne nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging er det oppmoda om å vurdere slik tilbakeføring. Vi er i starten av ein ny kommunestyreperiode, og mange av medlemmene i kommunestyra er nye. Det er mange og store oppgåver som skal gjerast, men eg meiner at ei av dei viktigaste er å ta vare på evna til å produsere mat.
Matjord er ein nasjonal ressurs og me har difor og verkemiddel for å fylgje opp forvaltninga av areal. Mellom anna ligg det eit ansvar på statsforvaltarane til å fylgje opp jordvernet.
Om vi skal nå jordvernmålet, må kommunane føre ein strengare jordvernpolitikk, og unngå utbygging på dyrka mark som ikkje er heilt nødvendig ut frå sterke samfunnsomsyn. Eg meiner at det å byggje ned så mykje dyrka mark som i denne saken er i strid med nasjonale og regionale jordverninteresser. Eg vil derfor oppmode kommunepolitikarane om å tilbakeføre mesteparten av dette jordbruksarealet, og særleg den fulldyrka jorda, til landbruksformål.