Skriftleg spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:111 (2023-2024)
Innlevert: 13.10.2023
Sendt: 13.10.2023
Svart på: 20.10.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Hvordan vil statsråden sikre at loven følges når selskap som primært sender digital faktura også må sende på papir, og vil statsråden sørge for at det gjennomføres et tilsyn som sikrer at fakturagebyrene er lovlige?

Grunngiving

NRK fortalte i uke 41 om en 88 år gammel mann som får store fakturagebyr for å dra på hytta fordi han ikke har smarttelefon, og dermed ikke får betalt via linken som sendes ut etter bompassering. Forbrukerrådet hevder fakturagebyret i disse tilfellene fremstår ulovlig høyt, og at forbrukere lures til å betale mer enn de skal for selve tjenesten gjennom det høye gebyret.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som forbrukarminister er eg oppteken av å sikre gode forbrukarrettar og at forbrukarane skal vere verna mot urimeleg høge fakturagebyr. Høge fakturagebyr er i dag eit problem på tvers av bransjar, både for digital faktura og for faktura på papir.
I den nye finansavtalelova som tok til å gjelde frå 1. januar 2023, er det reglar i § 2-4 om fakturagebyr. Det heiter her at gebyr ikkje kan overstige betalingsmottakaren sine faktiske kostnader ved bruk av eit betalingsmiddel eller dei faktiske kostnadene ved å sende ei rekning. Eg forventar at bomselskap og betalingsselskap er kjend med og rettar seg etter desse reglane.
Det er Forbrukartilsynet som fører tilsyn med reglane og det er Forbrukartilsynet som må vurdere om eit konkret fakturagebyr er i strid med reglane som er nemnde ovanfor og om dei vil undersøkje eller opne sak. Eg viser til at Forbrukartilsynet nyleg har pålagt fleire teleselskap og eit selskap som krev inn betaling frå forbrukarar på vegner av mellom andre fastlegar, å sende inn opplysingar om dei faktiske kostnadene selskapa har når dei sender ut faktura. Det viser at Forbrukartilsynet er merksam på dette området og det er veldig viktig. Når Forbrukartilsynet får opplysingane, vil tilsynet kunne vurdere om storleiken på fakturagebyra er lovleg.
Dersom Forbrukartilsynet vurderer at eit selskap tek ulovleg høge fakturagebyr, kan tilsynet sanksjonere lovbrotet med tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr. Tilsynet kan òg gå i dialog med selskapet om at denne skal forplikte seg til å tilby avhjelpande tiltak til forbrukarane som har fått for høge gebyr.