Skriftleg spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:306 (2023-2024)
Innlevert: 02.11.2023
Sendt: 02.11.2023
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Svart på: 10.11.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): I Hurdalsplattformen skriver regjeringen, på side 71, at: "Familiar med barn som har særskilte behov, skal få betre støtte. Regjeringa vil gjennomgå og betre ordningar for familiar med særskilte behov."
Hva er status på arbeidet med å bedre ordningene for familiene med særskilte behov, og hvilke planer har regjeringen for å sikre bedre støtte og tilrettelegging fremover?

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er eg som barne- og familieminister som har ansvar for å koordinere oppfølginga av punktet i Hurdalsplattforma. Fleire departement er involverte og har bidrege til å svare på spørsmålet.
Vi veit at familiar med særskilte behov står i svært krevjande situasjonar over tid, og at det kan gå ut over eiga helse og livskvalitet. Vi veit at for mange opplever å ikkje få hjelp når dei treng det og at hjelpa for ofte ikkje er god nok. Det er naudsynt å ha tilstrekkeleg kompetanse slik at behova blir fanga opp og følgde opp så snart som råd. Det er også viktig å hjelpe dei som hjelper.
Under er ei oversikt over pågåande og planlagde tiltak, men eg vil presisere at det i tillegg vil skje eit samarbeid mellom departement om også andre forbetringar for familiar med særskilte behov.

Koordinering av tenester

Frå 1. august 2022 vart det innført ein lovfesta rett til barnekoordinator. Samtidig vart det lovfesta ei plikt for kommunane til å tilby barnekoordinator til familiar/barn som oppfyller vilkåra for rett til barnekoordinator. Frå same tidspunkt vart det innført harmoniserte og styrkte reglar om samordning og samarbeid mellom velferdstenestene. Felles forskrift om individuell plan tredde også i kraft 1. august 2022. Det går føre ei evaluering om korleis dei nye avgjerda om samarbeid, samordning og barnekoordinator skal setjast i verk i praksis. Direktorata for velferdstenestene har utarbeida ei felles rettleiing for samarbeid mellom skule, helse, tannhelse, barnevern, NAV, familievernkontora og krisesentera. Formålet med rettleiaren er å forklare dei nye føresegna i velferdstenestelovgivinga nærare, tydeleggjere ansvar og myndigheit, og gi rettleiing om korleis pliktene kan ivaretakast.

Arbeid for pårørande

Det er stort behov for ei tydelegare og meir føreseieleg støtte til pårørande som har omfattande omsorgsoppgåver. Helse- og omsorgsdepartementet arbeider difor med Helsedirektoratet for å utvikle verktøyet pårørandeavtale som skal leggje til rette for gode rutinar for samarbeidet mellom pårørande og den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Regjeringa har foreslått i Prop. 1 S (2023–2024) for Helse- og omsorgsdepartementet å vidareføre tilskotsordninga «Helhetlig støtte til pårørende med krevende omsorgsoppgaver.» Målet med ordninga er å bidra til at kommunane utviklar modellar for å betre situasjonen til pårørande og synleggjere, anerkjenne og støtte pårørande med krevjande omsorgsoppgåver.

Psykisk helse og rus

Før sommaren la regjeringa fram ein ny opptrappingsplan for psykisk helse. Der seier vi m.a. at regjeringa vil vurdere tiltak for foreldrestøtte under og etter svangerskap. God ivaretaking av både komande og nybakte foreldre og barnet deira er viktig for å leggje til rette for ein best mogeleg start på livet for alle barn. God foreldrestøtte er også viktig for å førebyggje psykiske plagar og lidingar hos foreldra.
Ei sentral satsing i opptrappingsplanen er å leggje til rette for å styrkje lågterskeltilbod innan psykisk helse og rus i kommunane. For å kome i gong med dette har regjeringa foreslått at 150 mill. kroner av auken i rammetilskotet til kommunane er grunngitt med innsats på psykisk helse og rus. Lågterskeltilbod kan mellom anna gi støtte til foreldre og familiar.
Helsedirektoratet samarbeider med representantar frå brukar- og pårørandeorganisasjonar, erfaringskonsulentar og tenestene om å utvikle nasjonale faglege råd for brukarmedverking i rus- og psykisk helsefeltet.

Skole og barnehage

Regjeringa har lagt fram ein ambisiøs barnehagestrategi for å styrkje kvaliteten i tilbodet i barnehagen. Vidare har regjeringa blant anna styrka tilbodet om vidareutdanning i spesialpedagogikk og bygd opp kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Kompetanseløftet skal styrkje evna kommunane har til å gi eit godt, tilrettelagt og inkluderande pedagogisk tilbod til alle barn og elevar. Det er særleg retta mot PP-tenesta, men òg lærarar og andre tenester i og rundt barna og elevane. Kompetanseløftet er framleis under oppbygging og skal bli eit varig system frå 2025.
Samtidig som vi byggjer opp kompetanseløftet for å betre kompetansen i kommunar og fylkeskommunar, gjennomfører vi endringar i Statped, som skal styrkje tenestene for barn og elevar med omfattande, varige og særleg komplekse behov for tilrettelegging.
I den nye opplæringslova, som trer i kraft frå august 2024, blir det mellom anna tydelegare kva for kompetanse som skal nyttast inn i arbeidet med elevar som treng særskilt tilrettelegging, og den førebyggande rolla til PP-tenesta blir tydeleggjort.
Regjeringa vil vidare styrkje laget rundt barn og unge, slik at barn, unge og familiane deira opplever å få heilskaplege tilbod og tilgang på ulik fagkompetanse både i barnehagar og skolar og i tenestene rundt. Det er sett i gang eit innspelsarbeid på dette.

Livshending «alvorlege sjuke barn»

Barn og unge med samansette behov og foreldre deira synest at det er vanskeleg å få riktig hjelp og tilstrekkeleg informasjon til rett tid. Innanfor rammene av digitaliseringsprosjektet «Alvorlege sjuke barn», samarbeider Helsedirektoratet med Direktoratet for e-helse, KS, Statped, NAV, Utdanningsdirektoratet og Flekkefjord kommune om prosjektet «Enklare tilgang til informasjon». Prosjektet er i gang med å klargjere tekniske løysningar og arbeidsprosessar som formidlar oppdatert og relevant informasjon på tvers av ulike offentlege kjelder, om tenestetilbodet, rettar og korleis man kan få tenesta.

Personar med funksjonsnedsetjing

Meld. st. 8 (2022 – 2023), Menneskerettar for personar med utviklingshemming — Det handlar om å bli høyrt og sett vart lagt fram i november 2022. I stortingsmeldinga utgreier m.a. regjeringa for det menneskerettslege grunnlaget for politikken for personar med utviklingshemming. Likestillings- og mangfaldsutvalet si utgreiing NOU 2023: 13 På Høy tid – Realisering av funksjonshindredes rettigheter vart overlevert til Kultur- og likestillingsministeren 2. mai 2023. Utvalet har utarbeida ein rekke tilrådingar og forslag til tiltak som vil fremje likestilling, hindre diskriminering, og bidra til at også personar med funksjonsnedsetjing blir ivaretatt. Utgreiinga er no på offentleg høyring med frist 01.12.23. Vidare sette regjeringa ned eit ekspertutval som skal utgreie korleis CRPD skal innlemmast i norsk lov. Utvalet skal levere sin utgreiing innan utgangen av 2023. Frå 1. januar 2024 blir også følgjekort digitale. Ein digitalisering vil gjere det enklare å administrere og ha oversikt over følgjekorta.