Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:371 (2023-2024)
Innlevert: 09.11.2023
Sendt: 09.11.2023
Svart på: 15.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kva regelverk som gjelder for å kunne holde utanlandske vogntog tilbake, som ikkje har tilstrekkelig utrustning for vinterføre, og ikkje sleppe desse vidare på norske vegar, og om samferdselsministeren har tenkt å stramme inn dette regelverket og såleis fylle opp "verktøykassa og virkemidla" til kontrollørane på våre grenser?

Grunngiving

Det har den siste tida vore stor fokus på at utanlandske vogntog kjem inn i landet med alt for dårlige utrusta bilar for norske vintervegar. dette har ført til store problem med stengde vegar i timesvis samt mange farlege situasjonar landet rundt kvart eit einaste år.
Tidligare regjering fekk også igjennom å forsøke ei ordning med utdanning av utanlandske sjåførar til såkalla "norsk vintersertifikat for å betre utanlandske sjåførar sin åtferd på norske vintervegar.
Kontrollregimet på til dømes Svinesund er godt, men både Statens vegvesen og tolletaten har etter mitt begrep ikkje tilstrekkeleg med tiltak i verktøykassa til å holde igjen vogntog som åpenbart ikkje burde bli sendt vidare på norske vegar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er viktig at vogntoga på vegane våre, både norske og utanlandske, er godt rusta for vinterføre. Kontroll av dette langs vegane er difor prioritert av både politi og vegvesen.
Til dømes hadde Utrykkingspolitiet førre veke «Aksjon tung vinter», kor mellom anna kontroll av vinterutrustninga til tunge køyretøy var eit av hovudmåla.
Statens vegvesen sine kontrollar ute på vegane er òg svært viktig for å hindre ulykker, vareta framkome på vegane og bidra til like konkurransevilkår. Om vinteren er det særleg fokus på kontroll av dekk, kjetting, bremser og om køyretøyet har tilstrekkeleg veggrep etter tilhøva. Statens vegvesen samarbeider og aktivt med andre kontroll- og tilsynsstyresmakter, til dømes gjennom felles kontrollar og utveksling av informasjon for å stoppe useriøse aktørar. Ved spesielle aksjonar vert kontrollen styrka med ressursar frå mellom anna toll og politi.
Slik regelverket er i dag kan kontrollørane halde attende køyretøy i dei tilfella kor køyretøyet etter føreforholda, ikkje er sikra tilstrekkeleg veggrep ved bruk av piggar, kjettingar eller liknande. Her skal ein gjere ei vurdering avpassa etter tilhøva i kvart tilfelle. Det er dei same reglane som gjeld uavhengig av kor køyretøyet er registrert.
Det er jamvel eit viktig prinsipp at reaksjonar står i forhold til eventuelle manglar. I store delar av vintersesongen er det bar asfalt i mange delar av landet. Det vil difor i mange høve ikkje vere grunn til å gi bruksforbod, til dømes der det er venta køyring på bart føre.
Det er og grunn til å nemne at dersom det er manglar ved kjetting eller dekk, kan det bli gitt lovbrotsgebyr og køyretøyet kan om nødvendig bli halde tilbake til lovbrotsgebyret blir betalt.
Førarens kompetanse om køyring på vinterføre er og viktig. Den norske opplæringa for tungbilførarar omfattar mellom anna særlege utfordringar på det norske vegnettet vinterstid. Vi må samstundes tillate førarar med førarkort og yrkessjåførkompetanse frå andre EØS-land. Vi har ikkje handlingsrom til å einsidig etablere tilleggskrav for vinterkøyring i Noreg. Noreg har difor jobba aktivt opp mot EU for å få styrka krav til vinterkøyringskompetanse for tungbilførarar i utdanninga i andre land, og bidrog aktivt til at krava til kunnskap om mellom anna køyring under ekstreme vêrtilhøve blei skjerpa ved endringar i yrkessjåførdirektivet frå 2020. Dette kan og bidra til betre tryggleik og framkomme på norske vintervegar.
Statens vegvesen opplyser at dei ikkje ser at det er grunnlag for ytterlegare å skjerpe inn dagens reglar for bruksforbod og anna kontroll av køyretøy på vinterføre. Eg er samd med vegvesenet i dette. Vi kan uansett ikkje innanfor EØS-avtala ha særlege reglar som berre gjeld utanlandske køyretøy.