Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:509 (2023-2024)
Innlevert: 22.11.2023
Sendt: 22.11.2023
Svart på: 29.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden leggje fram beredskapsplanen for E-6 og E-18 på austlandet gjeldande totalt vinterberedskap, samt beredskap for bergingsbilar?

Grunngiving

I spørjetimen den 22/11-23 svarte statsråden på mitt spørsmål om manglande beredskap på norske veier vinterstid, og viste til at det var beredskap.
Samtidig viste statsråden til at det IKKJE var beredskap for til dømes tilgjengelige bergingsbiler for å sørge for at veiene faktisk vart åpna raskt igjen ved uhell og behov for bilberging i større omfang.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Som eg svarte representant Sve i spørjetimen, så legg Statens vegvesen standardane i handbok R610 Drift og vedlikehald til grunn for arbeid på riksvegane. Dette gjeld både før, under og etter hendingar. Dette gjeld også på E6 og E18.
Handbok R610 «Standard for drift og vedlikehold av riksveger» har definert ein eigen vinterberedskapsperiode:
«Periode av året hvor det skal være etablert vinterberedskap med vakt og eventuelle skiftordninger og alle ressurser (maskiner, materialer, utstyr og mannskap) skal være klargjort, forberedt og i beredskap for umiddelbar iverksettelse av tiltak i henhold til værvarsler og behov.»
I driftskontraktane er det så sett krav til kva tiltak som skal gjerast på vegane i vinterdriftsperiodane gjennom dei fastlagte vinterdriftsklassane. Val av vinterdriftsklasse for ein veg/strekning tek utgangspunkt i trafikkmengd. I tillegg er det teke omsyn til andre forhold ved vegen, som til dømes nasjonal/regional transportrute, trafikksamansetning, klima og vêrforhold. Krav til vinterdriftsklasse vil derfor variere på vegnettet. Slik er det også for E6 og E18.
Driftsentreprenørane skal lage ei eiga vinterdriftsplan. Entreprenøren må dokumentere at alle som arbeider med vinterdrifta har fått naudsynt innføring i vinterdriftsplanar. Desse planane ligg til grunn for arbeidet på riksvegane under ei hending.
Alle driftskontraktar har ein beredskapsplan som gir prosedyrar for beredskap og trafikkavvikling året rundt. Dei lokale trafikkberedskapsplanane skildrar korleis uventa hendingar på veg skal handterast, og det er etablert førehandsdefinerte omkøyringsruter med stengingslenkjer. Statens vegvesen skal gjennom entreprenørane i driftskontraktane sikre og skilte hendingsstaden og skilte eventuell omkøyringsrute. Vegtrafikksentralane (VTS) informerer trafikantane om forseinkingar og hindringar og om omkøyrings-moglegheiter i samband. Dei lokale trafikkberedskapsplanane inneheld også skiftordningar, vaktlister og beredskapslager med meir. Planane har også ei oversikt over reservepersonell og utstyr som kan bli kalla inn på kort varsel.
Under ei hending er det i all hovudsak politiet som bestiller bilberging. Statens vegvesen vurderer om det kan vere formålstenleg at vegtrafikksentralane får fullmakt til å påleggje berging av fastkøyrt køyretøy som er til hinder for framkomme og drift. Kapasiteten og responstida på tungbilbergarar varierer både geografisk og ut frå om det er fleire behov for berging samstundes. Under større hendingar, som den vi hadde sist på austlandet, kan også bergingsbilane ha vanskar med å kome fram til køyretøy som treng berging.