Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:511 (2023-2024)
Innlevert: 22.11.2023
Sendt: 23.11.2023
Svart på: 30.11.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Tilleggssvar: 11.01.2024

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram kva som er forbrukt i planleggingsmidlar i prosjektet Møreaksen, samt kostnadane generelt som Statens vegvesen har brukt på dette prosjektet i 2023 så langt?

Grunngiving

Regjeringa har varsla lågare satsing på utbygging av større vegprosjekt og der det meste av satsing på veg og vegformål er nedeskalert.
Også løyvingane frå regjeringa til planlegging er redusert, sjølv om dette tydelegvis ikkje er gjort gjeldande for alle prosjekt.
Samferdselministeren har svart på fleire av mine spørsmål om prioritering av planleggingsmidlar til dømes ang RV 15 Strynefjellet, at det ikkje blir satsa på planlegging på prosjekt som ikkje er sannsynlig blir bygd ut med det fyrste.
Derimot på prosjektet Møreaksen til mange titals milliard kr, som folket i Møre og Romsdal heller ikkje vil ha, foregår fortsatt pengebruk.
Pengebruk og planlegging på eit prosjekt som med regjeringa sin takt for prioritering av større vegprosjekt, vil kunne ta fleire tiår før noko slik kunne vere i posisjon.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har brukt om lag 430 mill. løypande kroner til reguleringsplan etter plan- og bygningslova og optimalisering av E39 Ålesund–Molde (Møreaksen) til og med 2022. Av dette er om lag 95 mill. kroner nytta til optimalisering og grunnerverv etter at reguleringsplan er vedteken. Årsprognosen for 2023 er om lag 12 mill. kroner.
I tillegg har det blitt brukt midlar til konseptvalutredning, kommunedelplan, forsking- og utviklingsarbeid m.m.
E39 Ålesund–Molde er prioritert i nåverande Nasjonal transportplan 2022–2033. Regjeringa vil legge frem sitt forslag til Nasjonal transportplan 2025–2036 våren 2024.

Tilleggssvar

Oppdatert svar 11. januar 2024:
Statens vegvesen har brukt om lag 430 mill. løypande kroner til planlegging etter plan- og bygningslova og optimalisering av E39 Ålesund–Molde (Møreaksen) til og med 2022. Av dette er om lag 95 mill. kroner nytta til optimalisering og grunnerverv etter at reguleringsplan er vedteken. Årsprognosen for 2023 er om lag 12 mill. kroner.
I tillegg har det blitt brukt midlar til konseptvalutredning og forsking- og utviklingsarbeid m.m.
E39 Ålesund–Molde er prioritert i nåverande Nasjonal transportplan 2022–2033. Regjeringa vil legge frem sitt forslag til Nasjonal transportplan 2025–2036 våren 2024.