Skriftleg spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:647 (2023-2024)
Innlevert: 07.12.2023
Sendt: 11.12.2023
Svart på: 18.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden gi ei oversikt over auke i biltrafikk for dei ferjer som er blitt gratis, med utgangspunkt i september 2022 og september 2023, der det blir delt opp pr samband, og der det kjem fram om trafikken går over øya (eksempel Austevoll) eller berre til øya (eksempel Huglo), og der det også kjem fram attståande bilar i desse to månadane, skilt på personbil og tungbil (om ein har tal på dette)?

Grunngiving

Det vert frå fleire hald varsla at trafikkmengda har auka grunna gratis ferje til enkelte øysamfunn. Dette fører til at det er meir trafikk på desse øyane enn det ein til no har vore van med, og det vegnettet er dimensjonert for. Vidare varslar næringslivet om at ein vert ståande att fordi kapasiteten på ferjene er sprengt. Det er difor av interesse å få ein statistikk på om dette medfører riktigheit.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg har bede Statens vegvesen om trafikkstatistikk for desse ferjesambanda.
Trafikkstatistikk som viser antal køyretøy, personbileiningar (PBE) og attståande køyretøy, er lagd ved. Oversikta inneheld informasjon for ferjesamband som rapporterte statistikk til Statens vegvesens ferjedatabank (FDB) for september 2022 og 2023. Det er dei aller fleste av ferjesambanda som har vorte gratis. Ferjesamband som er gjort gratis og som ikkje har rapportert statistikk til FDB ligg i Innlandet, Viken, Vestfold og Telemark og Rogaland. Statens vegvesen har innanfor fristen for svar på spørsmålet forsøkt å hente inn trafikkstatistikk for ferjesamband som ligg i desse fylka.

Vedlegg i pdf-format