Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:649 (2023-2024)
Innlevert: 08.12.2023
Sendt: 11.12.2023
Svart på: 18.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Kva er grunnen til at boligstiftingar ikkje kan få støtte frå ENOVA eller Husbanken til energiøkonomiseringstiltak, kva må i tilfelle gjerast for å endre dette, og vil statsråden ta initiativ til at bustadstiftingar kan få støtte til energieffektiviseringstiltak på like linje med til dømes burettslag?

Grunngiving

Det finst om lag 670 bustadstiftingar i Noreg. Bustadstiftingar er eigde av føremålet sitt og har ikkje eigarar som kan ta ut utbytte frå stiftinga, men dei er pålagde å ha ei ansvarleg kapitalforvaltning. Mange bustadstiftingar har i si tid vore oppretta etter initiativ frå kommuner for å løyse kommunen sitt ansvar for å skaffe bustad til menneske som av ulike grunnar har hatt bruk for hjelp av kommunen til å skaffe seg bustad.
Bustadstiftingar er «non profit» eigde av føremålet sitt og har vore eit viktig supplement til bustadmarknaden gjerne med lavere og subsidiert husleige enn elles i marknaden.
EU sitt krav om energieffektivisering og behovet for å renovere bustadane for å gjere kostnadane lågare med å varme opp bustadane vil kunne føre til at husleiga må setjast opp vesentleg eller meir enn det bebuarane og dermed stiftingane kan bere.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa har etablerte støtteordningar til energieffektivisering gjennom Enova og Husbanken. Tilskot til energitiltak i kommunale bygg er eit viktig tiltak i regjeringa si satsing på energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. Husbanken kan gi tilskot til energieffektiviseringstiltak i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Regjeringa og SV er samde om å auke tilskot til energitiltak i kommunale bygg til totalt 300 mill. kroner i 2024 (jf. Innst. 9 S (2023–2024)). Frå og med 2024 vil overføringa til Husbanken skje over budsjettet til Energidepartementet
Det er i dag berre kommunar og kommunale føretak som kan få dette tilskotet. Kommunale stiftingar er ikkje omfatta av ordninga mellom anna fordi styringsretten til kommunen berre er indirekte når det gjeld stiftingar. I tillegg er regjeringa oppteken av å prioritere stramme budsjettrammer best mogleg, og har derfor gjort nokre val når det gjeld målgruppe for tilskotet.
Eg vil gjere merksam på at bustadstiftingar kan søke om andre ordningar frå Husbanken. Stiftingar kan til dømes søke om lån til bustadkvalitet frå Husbanken. Husbanken kan gi lån til bustadkvalitet til bygging av miljøvenlege bustader og livsløpsbustader, og lån til oppgradering av eksisterande bustader for å redusere energiforbruket og auke tilgjengelegheita.
Når det gjeld Enova, viser eg til Klima- og miljøministeren sitt svar på spørsmål til skriftleg svar nr. 398 frå Lars Haltbrekken (SV). Enova utviklar sine verkemiddel for å få fram teknologiar, utvikle marknader og byggje ned barrierar for at nye klima- og energivenlege løysingar blir tatt i bruk. Enova prioriterer innsatsen der moglegheita til å påverke utviklinga er størst. Enova sine støtteprogram mot yrkesbygg og burettslag er retta mot barrierane for energieffektivisering i desse bygga. Føremålet med støtta er å auke etterspurnad og gjennomføring av energitiltak, auke delen energimerkte bygg, og etablere en marknad for energitenester. Gjennom Enovatilskotet er målet at nye klima- og energivenlege løysingar blir tatt i bruk i hushalda. Regjeringa har gitt Enova betydeleg fagleg fridom til å prioritere mellom område, utforme program og tildele støtte til enkeltprosjekt slik at midla frå Klima- og energifondet blir nytta mest mogleg effektivt. Styringsavtalen ligg fast og regjeringa vil ikkje detaljstyre Enova.