Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:745 (2023-2024)
Innlevert: 18.12.2023
Sendt: 18.12.2023
Svart på: 29.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor Statens vegvesen ikkje klarer å handheve normale skiltbruk ved operatøren sin midlertidige skilting på ein slik måte at skiltinga blir forstått, forklare kvifor det er skilta ned frå 80 km/t til 50 km/t når det ikkje foreligger anleggsarbeider, utbetring av vegen eller anna, og når dette ligg som "nærmeste nabo" til kontrollstasjonen til Statens vegvesen på Otta?

Grunngiving

Eg har i fleire spørsmål til samferdselsministeren stilt spørsmål ang mange avvik langs vegane ang skiltbruk og skilting ved vegarbeid.
Samferdselsministeren har blant anna svart at det er mange tusen løyver til midlertidig skilting pr. år på norske vegar, og lite kontroll pga. kapasiteter til Statens vegvesen.
På E6 ca. 2-300m frå kontrollstasjonen til Statens Vegvesen ved Otta, er det nedskilting fra 80 km/t til 50 km/t, uten snev av verken vegarbeid eller aktivitet. Eg har fleire gongar dei siste vekene passert dette området, seinast både sist fredag og søndag og vekene tidligare, utan å registrere nokon fornuftig grunn til denne omfattande nedskiltinga for nokre hundre meter.
Når ein skilter ned farta frå 80 km/t til 50 km/t på E6, må dette vere av ein betydeleg grunn, og det er ikkje greit at nedskiltinga er direkte frå 80 km/t til 50 km/t og oppheva, gjeldande berre nokre hundre meter.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen opplyser at den midlertidige skiltinga sør for Otta trafikkstasjon som representanten Sve viser til, gjeld utbetring av skadar etter uvêret «Hans». Det måtte etablerast ein kum på utsida av vegen og det måtte leggjast ei ny stikkrenne.
Sidearealet til vegen vart under heile anleggsperioden vurdert som eit risikoområde med auka fare for personskade ved utforkøyring.
Arbeidet gjekk føre seg i tryggingssona til vegen, som førte til at det vart sett opp tung sikring.
I tillegg vart farta sett ned til 50 km/t og dette vart og forvarsla 150 meter i forkant.
Sikringa skulle hindre trafikantar i å køyre ut. Sikring og nedsett fart er også ei nødvendig sikring for dei som arbeider på staden.
Statens vegvesen opplyser elles at arbeidsvarslingsplanen gjeld frå og med 4.12.2023 til og med 22.12.2023 og at den er utarbeidd i samsvar med vegnormal N301.