Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:748 (2023-2024)
Innlevert: 18.12.2023
Sendt: 18.12.2023
Svart på: 20.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva er forventa reell effekt av statsbudsjettet for 2024 gjeldande auka vedlikeholdsetterslep og reell nedgang i løyvingar til vedlikehold av riksvegnettet, tatt i betraktning den kraftige prisveksten innan området, samt kva negativ konsekvensar vil både auka vedlikeholdsetterslep og generelt redusert vedlikehold på riksvegnette kunne medføre ang ant alvorlige ulykker og dødsulykker på norske vegar?

Grunngiving

I statsbudsjettet for 2024 frå regjeringa kjem det fram at vedlikeholdsetterslepet vil kunne øke med heile 1,2 milliard kr, og den samla effekten av reduksjonen på alle områder er anslått til 100 mill kr.
Samtidig har området ein kraftig prisvekst som sjølvsagt også slår inn og forverrer situasjonen ang vedlikehold av vegnettet samt forventa forverring av vedlikeholdsetterslepet på riksvegane.
Ant drepte og hardt skadde aukar, og det er sjølvsagt urovekkande at regjeringa sørgar for dårligare vedlikehold som igjen kan medføre fleire alvorlige ulykker.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til svaret eg gav representanten Frank Edvard Sve 11. desember 2023 på skriftleg spørsmål nr. 599. Eg viser òg til mitt svar på spørsmål nr. 5 i Stortingets spørjetime 15. november 2023.
Dei berekna effektane av løyvinga til vedlikehald av riksvegar som Statens vegvesen har ansvaret for går fram på side 88 i Prop. 1 S (2023-2024) for Samferdselsdepartementet. Med budsjettforslaget er det lagt til grunn at vedlikehaldsetterslepet på riksveg samla sett blir redusert med om lag 100 mill. kr i 2024.
Eg har ikkje på dette tidspunktet nokon andre forventningar til effektane på drift og vedlikehald av riksvegar av statsbudsjettet for 2024 enn det som er lagt inn i Prop. 1 S (2023-2024) for Samferdselsdepartementet.