Skriftleg spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:768 (2023-2024)
Innlevert: 20.12.2023
Sendt: 20.12.2023
Svart på: 08.01.2024 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Vil statsråden syte for at Pasientreiser korrigerer sin praksis for korleis dei nyttar rabattert sonepris for kollektivreiser som grunnlag for kompensasjon av reiseutgifter, slik at ikkje pasientar i distrikta vert råka unødig hardt med tanke på bruk at kommersielle reiseaktørar som tilbyr kollektivreiser, der fylkeskommunale reisealternativ ikkje eksisterer eller er uforholdsmessige med tanke på tid og reiseveg?

Grunngiving

Frå fylkeskommunen i Vestland får vi opplyst føljande: Vestland fylkeskommune har innført eit sonepris-system med sterkt rabatterte prisar i fylket. ‘
Motivasjonen for å gjere dette å kutte klimautslepp ved at fleire skal nytte kollektivtilbod. Som kjent har Vestland lange avstandar og store skilnader kollektivtilbodet, med ein stor by og mange distriktskommunar. Det siste merkar ein særleg på at tilbodet til kollektivtransport er svært mykje større rundt Bergen enn elles i fylket. I tillegg er mange av rutene i distriktet drifta av kommersielle aktørar ( td. Nor-Way bussekspress og Vy). Desse har ikkje tilskot til drift, og reisekostnadane er derfor svært ulik den sonebiletten ein får på fylkeskommunale ruter.
Dette gjer at mange som skal til avtalar i både primærhelsetenesta, men særleg i spesialisthelsetenesta, ikkje får dekka reelle og naudsynte kostnader for å reise til behandling. Særleg grove utslag har ein sett at dette gjer overfor mennesker som må reise fleire gongar i veka, slik høvet til dømes er om ein treng dialyse-behandling.
Pasientreiser legg til grunn billegaste kollektive reisemåte, uten omsyn til om det faktisk går buss, om det går an å bruke buss for å nå behandlingstime eller om det går fylkeskommunal buss til rabattert pris. Dersom personen reiser med ekspressbuss (kommersiell) eller båt, så gjeld ikkje sonebilett, sjølv om det ikkje går anna kollektiv transport på strekninga.
I tillegg er ikkje dei elektroniske skjemaene til Pasientreiser tilpassa at nokre må reise med både buss og båt for å kome fram, og manglar ein rubrikk der ein kan forklare kvifor ein må nytte alternativ reisemåte.
Slik vi ser det vil fylket sin vilje til å bruke prismekanismer for å auke kollektivbruken, på ein urimeleg måte råke den gruppa som ikkje har sjanse til å nytte våre kollektivtilbod til/frå behandling. Desse vil i realiteten ikkje få dekka reiseutgifter, slik dei har krav på.

Ingvild Kjerkol (A)

Svar

Ingvild Kjerkol: Helse- og omsorgsdepartementet har forelagt dette spørsmålet til Helse Vest RHF. De har gitt følgende tilbakemelding etter dialog med Pasientreiser HF:

«Dei seinaste åra har fleire fylker endra soneinndelinga for takstsoner for kollektivtransport. For Vestland fylke vart det gjort endringar i 2022, og frå 1. november 2023 vart takstsonene i Møre og Romsdal gjort om.

Regelverket for pasientreiser

Pasientreiser følgjer regelverket i pasient- og brukerrettighetsloven og pasientreiseforskriften. Det står ikkje i regelverket at billegaste kollektive reisemåte skal leggast til grunn som rett for å få reisestønad frå Pasientreiser, men ein pasient har ikkje rett til reisestønad når berekna reiseveg er mindre enn 10 km eller kollektivtransportmiddel til lokal minstetakst, eller einingstakst, kan brukast. Denne regelen har vore lik sidan 2016. Reiser innafor ei takstsone gir derfor som hovudregel ikkje rett til støtte gjennom pasientreiseordninga.

Unntak som kan gje rett til å få støtte

Ein kan likevel ha rett til å få støtte til utgiftene sine viss reisa er til strakshjelp, eller helsepersonell har attestert at helsetilstanden til innbyggaren gjer det nødvendig å bruka drosje eller bil på reisa. Det same gjeld viss det ikkje er mogleg å rekke behandlinga ved å reise med kollektivtransport.
Med reise innafor ei takstsone meinast reiser der innbyggar berre må kjøpe éin billett til den lågaste prisen transportselskapet har på strekninga. Nokre transportselskap inngår ikkje i soneinndelinga, og nokre ferjereiser krev at ein kjøpar eigne billettar. Viss det er slik at ein treng fleire billettar på reisa, anten fordi ein bruker ulike transportselskap, eller fordi ein reiser både med buss og ferje, til dømes, kan ein få reisestønad frå Pasientreiser. Det gjeld òg viss reisa tek så lang tid at den som reiser må kjøpa fleire billettar, fordi den fyrste går ut på tid.

Same stønad uansett transportmiddel

Når Pasientreiser sakshandsamar søknader om støtte, gjer dei undersøkingar om det er mogleg å bruke kollektivtransport på strekninga. Viss det er mogleg for pasienten å reise fram og attende til behandlingsstaden med kollektivtransport har pasienten rett til å få ein fast sats per kilometer, uansett kva for transportmiddel som er brukt. Det er forutsett at reisa er lenger enn 10 kilometer, og at det ikkje er mogleg å bruke kollektivt transportmiddel til lokal minstetakst.
Pasienten vel sjølv om reisa er med kollektivtransport eller eigen bil, men stønaden frå Pasientreiser er uansett ein fast sats på 2,90 kroner per kilometer (satsen er for reiser i 2023).
Viss det er slik at pasienten ikkje rekk fram til behandling, eller heim etter behandling, med kollektivtransport, kan pasienten ha rett til å få ei rekvirert reise på trafikalt grunnlag. Det same gjeld for pasientar som på grunn av helsa si ikkje kan reise med offentleg transport. Denne delen av ordninga handsamast av Pasientreiser hos 17 helseføretak rundt om i landet.

Digital søknad hos Pasientreiser

Pasientar kan søkje digitalt ved å logge seg inn på Helsenorge. Her er det mogleg å legge inn fleire transportmiddel, og å legge inn tekst som forklarar reisa, men Pasientreiser jobbar heile tida med å gjere tekster og skjema betre, og ser på om denne delen av skjemaet kan gjerast betre og tydelegare.»

Jeg vil avslutningsvis nevne at jeg om kort tid vil sende på høring et forslag til forenklinger og forbedringer av reglene for pasientreiser.