Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:773 (2023-2024)
Innlevert: 20.12.2023
Sendt: 20.12.2023
Svart på: 03.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Korleis vil statsråden sikre at folkerøystinga i dei tvangssamanslåtte kommunene gamle Søgne og Sogndalen vert gjennomført med god rettleiing på språk som alle forstår, og fysisk på ein måte som gir legitimitet og tillit som ved eit kommune eller stortingsval?

Grunngiving

Det er sendt ut utkast til forskrift for folkerøysting i gamle Sogndalen og Søgne kommune der det vert lagt opp til digitalt val eller fysisk val via brev. Det vert til dømes lagt opp til at den einskilde sjølve har ansvar for å vere åleine når ein stemmer digitalt eller sørger for å få hjelpa ein treng for å kunne stemme. Kristiansand SV har vedteke at dei ynskjer fysisk val for å sikre legitimiteten til valresultatet, og har sendt e-post til Stortingsgruppa om dette.
Tilliten til eit val er knytt til om det vert gjennomført slik at både tilgang til lokale er god, at informasjonen om kva valet handlar om er godt forståeleg, og at ingen vert utestengt på grunn av lav digital kompetanse, digital tilgang, språk eller fysiske hindringer.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Det er viktig at folkerøystingane blir gjennomførte på ein måte som gir legitimitet og tillit til resultatet, og at innbyggjarane er godt informerte om korleis dei kan stemme.
Valdirektoratet har fått i oppdrag å stå for praktisk gjennomføring av rådgjevande folkerøystingar i dei områda som utgjer tidlegare Søgne og Songdalen kommunar i spørsmålet om deling av Kristiansand kommune. Oppdraget består i å utvikle ei elektronisk løysning som kan nyttast i folkerøystingane, og å leggje til rette for brevrøysting for veljarar som ikkje kan eller vil stemme elektronisk.
Eg meiner det er mogleg å gjennomføre ei tillitvekkande rådgjevande folkerøysting utan bruk av vallokale, sjølv om dette skil seg frå måten ein gjennomfører ordinære val på. Formålet med folkerøystingane er å få kartlagt meininga til innbyggjarane i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar, og bruke resultatet av folkerøystingane som rådgjeving i ei konkret politisk sak. Dette skil seg frå ordinære val, der veljarane vel representantar til folkevalde organ. Å kombinere digital røysting med brevrøysting er etter mi mening ein god og tilgjengeleg måte å få kartlagt korleis innbyggjarane i Søgne og Songdalen stiller seg til spørsmålet om deling.
Valdirektoratet vil sende ut informasjon i posten til alle med røysterett i folkerøystingane. Dette vil vere lettfatteleg informasjon om når, kor og korleis dei kan røyste i den elektroniske løysninga eller med brev. Det vil òg vere lett tilgjengeleg informasjon på nettsida valg.no. Her kan innbyggjarane lese om den digitale løysinga, sikkerheitsmekanismane og dei rutinane Valdirektoratet følger for å sikre ei god gjennomføring av folkerøystinga. Det vil òg vere mogleg å få informasjon og hjelp av Valdirektoratet gjennom ei eiga brukarstøtte som kan kontaktast på telefon eller e-post.
Regjeringa tok initiativ til å greie ut spørsmålet om deling av Kristiansand kommune i juni 2022. Saka har fått stor merksemd, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Eg reknar med at det også vil bli stor merksemd om saka i tida fram til folkerøystingane. Statsforvaltaren i Agder har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag om konsekvensar av eventuell deling av Kristiansand kommune til to eller tre kommunar. Dette kunnskapsgrunnlaget har vore kjent sidan januar 2023, og er tilgjengeleg på www.kunnskapsgrunnlag.no. Det finns og ein kortversjon av kunnskapsgrunnlaget. Eg legg derfor til grunn at dei røysteføre har gode moglegheiter til å sette seg inn i konsekvensane av ei deling.