Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:774 (2023-2024)
Innlevert: 20.12.2023
Sendt: 20.12.2023
Svart på: 04.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): I høyringssvar om forskrift for folkerøysting i gamle Søgne og Sogndalen kommune ber Kristiansand kommune om at det vert gjort ei juridisk vurdering av om kommunelova hjemlar nyval og oppdeling av ei kommune der kommunen har gått imot ei slik deling.
Har statsråden fått gjennomført ei uavhengig juridisk vurdering av dette spørsmålet, og hvis ikkje, vil statsråden be om ei slik vurdering før ei eventuell oppdelingssak vert opna?

Grunngiving

Forskrift om folkerøysting i gamle Søgne og Sogndalen kommune er sendt ut på høyring. I samband med spørsmål om oppdeling av nye Kristiansand kommune har fleire vore sterkt kritiske til at departementet tek initiativ til å dele ein kommune der kommunestyret har sagt nei til oppdeling. I den samanheng vert det stilt spørsmål om dagens lov hjemlar å gjennomføre nyval i ein kommune som seier nei til oppdeling og det er difor etterspurt ei juridisk vurdering av dette spørsmålet.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg er kjend med høyringssvaret frå Kristiansand kommune, som representanten viser til, og dei problemstillingane kommunen tek opp. Kommunal- og distriktsdepartementet har gjort ei vurdering av det rettslege grunnlaget for å gjennomføre eit ekstraordinært kommunestyreval som følgje av eit eventuelt vedtak om deling som skal setjast i verk på eit anna tidspunkt enn ved årsskiftet etter eit ordinært kommunestyreval.
Endringar av kommune- og fylkesgrenser er regulert i inndelingslova. Inndelingslova gir reglar om kva for instans som har myndigheit til å gjere vedtak om grenseendringar (samanslåing, deling, grensejustering), og reglar for gjennomføringa av slike vedtak. Stortinget har myndigheit til å dele ein kommune, sjølv om kommunestyret har uttalt seg mot deling, jf. inndelingslova § 5.
Ein direkte konsekvens av eit vedtak om deling er endringar i den aktuelle kommunen sine folkevalde organ og administrasjon. Tidspunktet for ikraftsetjing av deling av ein kommune vil følgje av vedtaket. Dersom delinga skal setjast i verk på eit anna tidspunkt enn ved årsskiftet etter eit ordinært kommunestyreval, vil vedtaket om deling også få konsekvensar for valperioden til sitjande kommunestyrerepresentantar.
Inndelingslova § 17 gir Kongen fullmakt til å gi nærmare reglar for å sikre gjennomføring av vedtak etter inndelingslova og til å gjere enkelte nødvendige unntak frå gjeldande lover og forskrifter. Kompetansen til Kongen er delegert til Kommunal- og distriktsdepartementet. Heimelen i inndelingslova § 17 kan brukast i alle saker der det er gjort vedtak om grenseendring. Føresegna skil ikkje mellom tilfelle der kommunar vert delt eller slått saman etter eller mot eige ønske.
Etter inndelingslova § 17 første ledd kan departementet gi nærmare reglar for å sikre gjennomføring av vedtak om grenseendring etter lova. Som døme på vedtak som kan fattast etter § 17 første ledd er det i forarbeida vist til «fastsetjing av nytt namn på ein kommune etter samanslåing, fastsetjing av dato for ekstraordinært kommunestyreval, fastsetjing av fristar for harmonisering av lokalt regelverk og liknande», jf. Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) s. 77.
Etter inndelingslova § 17 andre ledd kan departementet gjere unntak frå gjeldande reglar i lov eller forskrift, når det blir rekna som nødvendig for å gjennomføre vedtak om grenseendringar. Slike unntak må gjelde forhold som følgjer av andre ledd bokstavane a-e.
Etter bokstav b kan det gjerast unntak frå «reglar om lovfesta fristar, saksbehandlingsreglar o.a.». Forarbeida til inndelingslova beskriv nærmare kva som ligg i dette unntaket (Ot.prp. nr. 41 (2000–2001) s. 77):

«[…] Det har også ofte vist seg nødvendig å gjere unntak frå ulike fristreglar og andre teknisk prega reglar i vallovgivinga i samband med lokalval etter grenseendringar. Det kan mellom anna dreie seg om ein kortare valperiode enn dei vanlege fire åra, dersom ei samanslåing eller større grensejustering blir sett i verk på eit anna tidspunkt enn ved starten av ein ordinær kommunestyrevalperiode. Det kan vere praktisk å halde ekstraordinært kommunestyreval saman med stortingsval. Da blir valperioden for dei nyvalte representantane på berre to år. Det kan og vere nødvendig å tilpasse reglar for manntalsføring og la innbyggjarar som skal overførast til ein annan kommune få gi stemme til den nye kommunen.»

Departementet vurderer at inndelingslova § 17 gir departementet heimel til å fastsetje i forskrift at det skal gjennomførast eit ekstraordinært kommunestyreval, om eit vedtak om deling skal setjast i verk på eit anna tidspunkt enn ved årsskiftet etter eit ordinært kommunestyreval. Dette inneber å forkorte perioden til sitjande kommunestyrerepresentantar og til dei representantane som blir valde ved det ekstraordinære valet.
Departementet har og gjort ei vurdering av føresegna om kommunalt sjølvstyre i Grunnlova § 49 andre ledd. Grunnlova § 49 andre ledd har følgjande ordlyd:

«Innbyggjarane har rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ. Nærare føresegner om det lokale folkevalde nivået blir fastsette i lov».

Føresegna grunnlovfestar prinsippet om det kommunale sjølvstyret, og blei tatt inn i Grunnlova i 2016. I innstillinga frå kontroll- og konstitusjonskomitéen i Stortinget er det mellom anna understreka at føresegna i Grunnlova § 49 andre ledd er ei prinsipperklæring om det kommunale sjølvstyret, og at føresegna ikkje er meint som ein «skranke for den funksjons- og oppgavefordeling innen offentlig forvaltning som Stortinget gjennom ordinær lovgivning finner hensiktsmessig», sjå Innst. 182 S (2015–2016) side 7. Fleirtalet i komiteen peiker også på at antalet kommunar og deira geografiske inndeling framleis vil vere eit statleg ansvar sjølv med denne føresegna, jf. side 8.
Departementet vurderer at Grunnlova ikkje er til hinder for at departementet, innanfor rammene av inndelingslova, kan avgjere at det skal gjennomførast eit ekstraordinært val for å sikre gjennomføringa av eit lovleg fatta vedtak om deling. Departementet vurderer at gjennomføringa av eit ekstraordinært val heller ikkje vil gripe inn i mogelegheita og forventninga innbyggjarane har om å velje representantar til kommunestyret eller vere eit inngrep i retten til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ.
Desse vurderingane vart formidla til Kristiansand kommune i møte med politisk leiing i Kommunal- og distriktsdepartementet i desember 2023. Departementet har og sendt kommunen eit brev der desse vurderingane kjem fram.