Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:803 (2023-2024)
Innlevert: 31.12.2023
Sendt: 02.01.2024
Svart på: 09.01.2024 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan fiskeri- og havministeren garantere at Kystverket no har fått alle nødvendige avklaringar frå departementet for å kunne lyse ut Stad Skipstunnel på anbod i løpet av 1. halvår 2024 med sikte på kontraktsinngåing og ev. nytt vedtak i Stortinget om kostnadsramme 2. halvår 2024 og byggestart for prosjektet i 2025, og kva er årsaka til at fiskeri- og havministeren ikkje vil møte ordføraren i Stad kommune som er vertskapskommune for prosjektet?

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Eg kan bekrefte at Kystverket har fått dei nødvendige avklaringane for å kunne leggje ut prosjektet Stad skipstunnel på anbod.
Kystverket arbeider med sikte på å leggje ut prosjektet på anbod i løpet av andre kvartal 2024. I Prop. 1 S (2023-2024) for Nærings- og fiskeridepartementet er det orientert om at det i anbodskonkurransen vil bli tatt atterhald om gjennomføring av prosjektet dersom det ikkje kjem inn tilbod innanfor kostnadsramma som Stortinget har vedteke, jf. Prop. 97 S (2020- 2021) Bygging av Stad skipstunnel og lnnst. 389 S (2020-2021 ). Det er også orientert om at kostnadsramma som Stortinget har vedtatt, er prisjustert til 5 060 mill. kroner, og at den er lågare enn dei oppdaterte anslaga frå Kystverket, med ei forventa kostnad (P50) på 5 652 mill. kronar og ei kostnadsramme (P85) på 7 132 mill. kroner.
Det har vore utarbeidd mange analysar av Stad skipstunnel, med ulike resultat kva gjeld kostnadsestimat for prosjektet. Anbodskonkurransen som no skal gjennomførast, vil avdekke kva for pris marknaden vil krevje for å gjennomføre prosjektet.
Dersom Kystverket mottek kvalifiserte tilbod innanfor den vedtekne kostnadsramma på 5 060 mill. kroner, vil det bli inngått kontrakt om bygging av Stad skipstunnel, og prosjektet kan starte opp på vanleg måte.
Dersom beste tilbod er høgare enn den vedtekne kostnadsramma, vil regjeringa komme tilbake til Storinget med forslag til vidare handtering av saka.
Det er anslått at gjennomføringa av anbodskonkurransen vil ta om lag eit år. Dette betyr at vi med stor sannleik ikkje vil ha kjennskap til endelege pristilbod på denne sida av året, og at vi eventuelt må komme tilbake til den vidare handteringa av saka i 2025 dersom beste pristilbod overstig kostnadsramma som Stortinget har vedtatt.
Kva gjeld tilleggsspørsmålet frå stortingsrepresentant Bjørlo om møte med ordføraren i Stad kommune, har det vore vanskeleg å finne tid til dette i haust. Det vil i staden bli avtalt eit møte som skal gjennomførast i løpet av våren. Eg ser fram imot den vidare dialogen med kommunane og andre aktørar som har viktige innspel i arbeidet med prosjektet Stad skipstunnel.