Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:816 (2023-2024)
Innlevert: 03.01.2024
Sendt: 04.01.2024
Svart på: 11.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram berekna samla kostnad for bilbruk fordelt mellom by og distrikta, med grunnlag 20 000 km i året, berekna for året 2021, kontra 2024, samt leggje fram detaljert oppsett over bompengetakstane i alle bompengeprosjekt og bypakkar i året 2021, samt dei nye takstane for 2024?

Grunngiving

Bilistane er under kraftig "angrep" der lommeboka til disse skal kraftig tømmast av staten..
Før jul kom tall frå SSB som viser at folk i dei minst sentrale strøkene kontra sentrale strøk allereie betaler ca. 15 000 kr. meir for transport.
Med regjeringa sine kraftige aukar innan drivstoffavgifter vil også distrikta bli ramma spesielt med bakgrunn i at dei som faktisk Må køyre bil får betydeleg auka utgifter. Bompengane er også der auka.
I bynære strøk har folket der fått auka sine bompengeutgifter kraftig, samt at innbyggjarane også der får dei merke dei stadig stigande drivstoffkostnadane.
Det er slik at mange i og rundt dei store byane også er heilt avhengige av bilen i sitt daglige virke, ved køyring av ungar til barnehage, skule og fritidsaktivitetar mm og til jobb.
Felles for både by og land er at bil og bilbruk blir betydeleg dyrare i 2024, og dette kjem i tillegg til kraftig auke i skattar, avgifter, straumprisar og matvareprisar og ei rente som fyk til himmels.