Skriftleg spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:887 (2023-2024)
Innlevert: 10.01.2024
Sendt: 10.01.2024
Svart på: 18.01.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil forsvarsministeren sørga for at tilsette og soldatar ikkje må frysa når dei oppheld seg i Forsvaret sine bygg?

Grunngiving

Forsvarets forum har avslørt at det er registrert ned i 12 grader inne på kasernene på Rena leir denne vinteren. Tilsette og soldatar har sett seg nøydde til å krypa under dyna for å halda varmen.
Bakgrunnen skal vera eit pålegg frå Forsvarsdepartementet om å spara på straumen, som dermed har resultert i reduserte innetemperaturar i Forsvaret sine bygg. I retningslinjene frå Forsvarsbygg blir alle oppfordra til å ha så låg temperatur som mogleg, og heller kompensera med å kle på seg meir. Forsvarsbygg fortel at Forsvaret har spart fleire millionar kroner på tiltaket.
Forsvarsbygg har sett maksimumstemperaturen om vinteren til 19 grader i dei fleste arbeids- og opphaldsrom, og 20 grader i bustader og kvarter. Arbeidstilsynet tilrår på si side innetemperaturar mellom 19 og 26 grader på arbeidsplassar med lett arbeidsaktivitet, og folkehelseinstituttet tilrår at normal innetemperatur i ein vanleg heim skal vera mellom 20 og 22 grader.
Hovudverneombodet i Forsvaret peikar på at soldatar er utsett for mykje kulde i tenesta, og nettopp derfor bør dei ikkje frysa når dei skal slappa av og restituera. Låge temperaturar fører til at ein blir meir mottakelege for sjukdom.
Særleg i ei tid med personellkrise i Forsvaret framstår dette sparetiltaket som feilslått, då det kan gå ut over viljen til å fortsetta å gjera teneste i Forsvaret.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Folk i Forsvaret skal ha gode buforhold. Det skal ikkje vere slik at soldatar og tilsette skal fryse når dei oppheld seg i forsvarssektoren sine bygg. Når somme opplever dette er det sjølvsagt ikkje bra. Lave temperaturar, slik som det blir rapportert om på Rena leir, er ikkje ein konsekvens av sparetiltak og klimakampanjar i forsvarssektoren. Dette handlar høgst truleg om ein feil. Då er det viktig at soldatar og befal rapporterer det til Forsvarsbygg. Eg er trygg på at Forsvarsbygg har gode rutinar for dette, og at dei no følgjer opp den konkrete saka på Rena på ein god måte og rettar opp innmeldte feil så raskt dei kan. Eg er kjend med at Forsvarsbygg no mellom anna kontrollerer at alle målepunkta fungerer som dei skal og at temperaturen er innanfor tilrådde verdiar lokalt i bygga. Dersom noko framleis er feil vert det retta opp. Temperaturane skal vere innanfor tilrådingar frå Arbeidstilsynet. For kasernar er norma 19 gradar.
Med lave temperaturar ute på vinterstid vil feil og variasjonar i temperaturar tidvis kunne oppstå enkelte stader. Vi må samtidig erkjenne at forsvarssektoren sin eigedomsmasse har eit preg av vedlikehaldsetterslep og aldrande bygg, det var for lavt prioritert av Solberg-regjeringa. Dette gjer Senterparti/Arbeiderparti-regjeringa noko med. I statsbudsjettet for 2024 er investeringsbudsjettet for eigedom, bygg og anlegg 4,7 milliardar kroner. Løyvinga til Forsvarsbygg vert auka med om lag 1,5 milliardar kroner samanlikna med 2023. Regjeringa starta auken av midlar til vedlikehald med 40 millionar kroner i 2022 og ytterlegare 60 millionar kroner i 2023. Frå 2024 set regjeringa av enda 50 millionar kroner, totalt 150 millionar kroner, til vedlikehald av bustad og kvarter. Saman med 485 millionar kroner til nye investeringar, gir det totalt ein auke på 635 millionar kroner til personellrelaterte tiltak. Forsvarsbygg sin jobb no blir å forbetre bustader og innkvartering for tilsette og soldatar og samtidig byggje nytt for å dekkje det behovet som kjem.
Folk er heilt sentralt for å byggje forsvarsevne og vernebuing. God kvalitet på bustader, mannskapsforlegningar og kvarter er viktig både for å behalde tilsette og for rekruttering. Dette lyftet gir eit reell høve til å redusere etterslep og vareta det oppdraget Forsvarsbygg har om å utvikle, drifte og forvalte sektoren sin eigedomsportefølje. Ei framhaldt satsing på buforhold for tilsette og vernepliktige vil vera sentralt framover.