Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:888 (2023-2024)
Innlevert: 10.01.2024
Sendt: 11.01.2024
Svart på: 15.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan vi no her i landet frykte og risikere at regjeringa og samferdselsministeren kan finne på noko så vanvittig med begrunnelse i symbolske klimatiltak, å stille krav om at nullutslipp også skal gjelde for kjøp av private bilar i nær framtid, jamf. det regjeringa har pålagt ang offentlige innkjøp?

Grunngiving

Regjeringa har angjeveleg eit uttalt mål om at alle nye biler som blir solgt etter 2025 her i landet skal vere nullutslippsbiler.
Samferdselsministeren har ang både bil, varebil og buss i offentlige anskaffelser no sett krav om at dette skal vere nullutslipp, med dei alvorlige konsekvensane samfunnet har opplevd den siste tida med bakgrunn i normal norsk vinter, der kuldegrader faktisk inngår i slik vinter her i landet.
Frp er klokkeklar på at kva bil den enkelte ynskjer å kjøpe og køyre og med kva drivstoff, må vere opp til den enkelte med tanke på både behov og ønske den enkelte har.
Dette må ikkje vere styrt eller på nokon måte etter pålegg frå dagens regjering som tilsynelatande ser ut til å forsøker å gjere ting både dyrare og vanskeligare for folk flest og næringslivet i heile landet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Gjennom Meld. St. (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 vart det sett ei rekkje måltal for nullutsleppskjøretøy, mellom anna at nye personbilar og lette varebilar skal vere nullutsleppskjøretøy i 2025. Desse måltala vart vidareført i Nasjonal transportplan 2022-2033. Forbetring av teknologisk modnad i dei ulike delane av transportsektoren, ligg til grunn for måltala.
Noreg har ambisiøse mål og forpliktingar på klimaområdet. Transportsektoren står for ein stor del av dei norske klimagassutsleppa. Dermed må transportsektoren stå for ein stor del av utsleppskutta. I stadig fleire delar av transportsektoren er det mogleg å gå over til nullutsleppsteknologi, og her skal det offentlege liggje føre. Regjeringa stiller derfor strenge krav til nullutslepp i offentlege innkjøp i transportsektoren. Vi har likevel ingen planar om å stille krav til nullutslepp for private bilar.