Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:945 (2023-2024)
Innlevert: 18.01.2024
Sendt: 18.01.2024
Svart på: 23.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren har forståelse for at dersom innbyggjarane politianmelder regjeringa og ansvarleg minister for tjenesteforsømmelser, når dei ansvarlege vel vitande har vore klar over at det vil bli fleire alvorlege ulykker, dødsulykker på Norges farlegaste vegstrekning E-39 Sula-Blindheim-Moa, der ein i 2021, 2022 og 2023 ikkja har lyfta ein finger for å gjere noko med denne svært farlege vegstrekninga, og kva skal til for at også STVV vert stilt til ansvar når utbyggingsdirektøren vil skrote dette vegprosjektet i NTP?

Grunngiving

No er det nok!
I år etter år har både innbyggjarane i Ålesundsregionen, og underteikna på vegner av FrP forsøkt å få dagens regjering til å gjere noko strakstiltak og prioritere oppstar og få gjort noko med "dødsvegen" E39 Sula-Blindheim til Moa i Møre og Romsdal, men fånyttes.
FrP har også lagt dette inn i partiets NTP for gjeldande periode.
E16 Skaret til Hønefoss er ofte omtalt som landets mest ulykkesutsatte vegstrekning med 10 dødsulykker dei 10 siste åra.
E39 Sula- Blindheimstunellen til Moa har dei siste 3 åra opplevd heile 5 dødsulykker, den siste for få dagar sidan, og framstår som ein av landets desidert farligaste og mest ulykkesutsatte vegstrekning.
I sak etter sak , spørsmål etter spørsmål i Stortinget, har regjeringa med samferdselsministeren i spissen unnlatt å gjere noko som helst for å hindre disse dødsulykkene.
Seinast i representantforslaget som underteikna fremma på vegner av FrP "om å prioritere E39 Veibust-Blindheim-Breivika/Moa" dokument 8:126S (2022-2023) med saksordførar frå SP frå Møre og Romsdal, presterte regjeringspartia i lag med Høgre å stemme dette forslaget ned.
Forslaget var:

"Stortinget ber regjeringa komme tilbake til Stortinget med en plan for snarleg realisering av E39 Veibust-Blindheim-Moa i Sula kommune og Ålesund Kommune. Det skal leggjast fram egen finansieringsplan for utbygginga når planlegging og prosjektering er klar" sitat slutt.

Vel vitande om at dette vegområdet med blant anna Blindheimstunellen med den enkeltløpstunellen med størst trafikk i landet på heile 22 000 bilar i døgnet, og ei vegstrekning som framstår som landets verste ulykkesområde med svært mange dødsulykker, velger samferdselsministeren å "toe sine hender".
At også utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen foreslå å ta dette vegområdet heilt ut av kommande NTP og heller prioritere "galskapens vegprosjekt for 2 292 bilar over Romsdalsfjorden Møreaksen der det ikkje har vore ei einaste ulykke, framstår totalt ansvarslaust og kompetanselaust.
Når norske liv går tapt, med ein statsminister og ein samferdselsminister som veit klart og tydelig at det blir fleire alvorlege ulykker og dødsulykker på E39 Veibust-Blindheim- Moa, berre "toar sine hender" så er dette svært alvorleg.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Først vil eg si at regjeringa tar trafikksikkerheit på største alvor. Ulukkesutviklinga på norske vegar dei siste to åra er svært bekymringsfull, og framover må vi styrke innsatsen i trafikksikkerheitsarbeidet. Regjeringa har ambisjonar om å redusere talet på hardt skadde og drepne til 350, og maksimalt 50 drepne, i 2030. Vi skal fortsetje den langsiktige og kunnskapsbaserte innsatsen i trafikksikkerheitsarbeidet. Sentralt i dette er Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på vei 2022–2025 som følgjer opp regjeringa sine ambisjonar på trafikksikkerheitsområdet gjennom 179 målretta tiltak. Ei lang rekke aktørar i fleire sektorar, både offentlege og private, står ansvarleg for å gjennomføre tiltaka. Regjeringa ved Samferdselsdepartementet sørger for at Statens vegvesen følger opp dei 91 tiltaka dei er ansvarlege for. 
Eg minner representanten om at Samferdselsdepartementet har bedt sin etat Statens vegvesen om faglege vurderingar og økonomiske prioriteringar til Nasjonal transportplan 2025-2036. Samferdselsdepartementet har mottatt vurderingane. Regjeringa vil leggje fram forslag til Nasjonal transportplan 2025-2036 til Stortinget våren 2024.