Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:948 (2023-2024)
Innlevert: 18.01.2024
Sendt: 18.01.2024
Svart på: 30.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva er fakta samferdselsminister, og kven informerer korrekt – er det samferdselsministeren som informerer korrekt ved å hevde at Statens vegvesen har ekstra beredskap ved store snøfall, eller er det Statens vegvesen i Agder som informerer korrekt ved å hevde at det IKKJE er ekstra beredskap og at det faktisk ikkje er lagt opp til at vegane alltid skal vere åpne ved stort snøfall?

Grunngiving

Samferdselsministeren har ved fleire anledninger uttalt at han skal ta fatt i og sjå på korleis beredskapen fungerar i Statens Vegvesen ved utfordrande værforhold.
Statsråden har også hevda at statens vegvesen har auka beredskapen, noko derimot no Statene Vegvesen i Agder bekrefter det stikk motsatte. Statens Vegvesen i Agder bekrefter i intervju i P4 at det IKKJE har vore ekstra beredskap med bakgrunn i det varsla store snøfallet, og at det ikkje er eit mål at vegane skal vere åpne for trafikk i snøvær. Ganske fantastisk egentlig, når det med andre ord ikkje finnes beredskap for skikkeleg vinterforhold innan Statens Vegvesen.
Overhode ikkje rart at samfunnet stopper opp ved god gammaldags Norsk vinter.
Statsråden har tydeleg eit problem med å formidle kva som faktisk er realiteten i saka ang beredskap innan Statens vegvesen sin vintervedlikehold, når statsråden faktisk viser til eit auka beredskap som angivelig ikkje finnes. Dette problemet har vi dessverre sett i andre områder der statsråden er unøyaktig til å gjengi fakta, dette er ikkje fyrste gongen.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har ulik beredskap for vêrhendingar i vinterplanane i sine driftskontraktar i landet. I nord har driftskontraktane krav til reserveutstyr, men det er ikkje same krav i sør. Krava er bestemt ut frå dei erfaringar ein har med vinter og vêrhendingar i landsdelane.
I sør betyr ekstra beredskap av maskiner og personell ved store vêrbelastningar at ein rekvirerer utstyr frå andre geografiske stader som ikkje hadde same vêrsituasjon, jamfør vêrhendinga i Agder nyårshelga.
Statens vegvesen opplyser at det ikkje vart henta ekstra ressursar frå andre geografiske områder under vêrsituasjonen 17. januar i Agder. Årsaka var at oransje farevarsel vart meldt av Meteorologisk institutt kort tid (ca. 6 timar) før vêrsituasjonen oppstod, og han var varsla til å strekkje seg over ca. 10–12 timar. Prognosane var også usikre på kor stort område som ville bli råka, slik at det var vanskeleg å kunne definere kvar utstyret og ressursane skulle hentast frå.
Ved oransje farevarsel har Statens vegvesen møte med fylkeskommunen og politiet for å få ei felles situasjonsforståing. Meteorologisk institutt deltek med informasjon om vêrprognosane og den forventa utviklinga. I denne konkrete situasjonen tok Statens vegvesen ei avgjerd om ikkje å tilføre ekstra ressursar.
Viss det hadde vore varsla lengre varigheit av ein vêrsituasjon med den aktuelle nedbørsintensiteten (stadvis 5–7 cm i timen), ville Statens vegvesen gjort ei samla vurdering på kvar i landet ein kunne hente utstyr, og dermed sett ein noko lågare beredskap der utstyret vart henta frå.
Ved vêrhendinga 17. januar i Agder viste det seg gjennomgåande at utstyrsmengda var tilstrekkeleg på vegnettet til Statens vegvesen. På grunn av sterk vind var det enkeltpunkt som hadde utfordringar med sikt på grunn av snøføyke, noko som gjorde at det vart stans i enkelte av- og påkøyringsfelt til E18. Ved ein vêrsituasjon som 17. januar ville ikkje meir utstyr åleine gjort framkomma vesentleg betre, då vind med snøføyke gav svært redusert sikt.