Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:985 (2023-2024)
Innlevert: 19.01.2024
Sendt: 22.01.2024
Svart på: 26.01.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Vil justis og beredskapsministeren fylgje opp den fagleg tilrådinga i utgreinga av 1. september 2023 frå Kriminalomsorgsdirektoratet (KID) og Politidirektoratet (POD) om å overføre ansvaret for drifta av utlendingsinternatet på Trandum til Kriminalomsorgen, og i tilfelle når kan ei gjennomføring eller avklaring ventast?

Grunngiving

Som fylgje av kritikk frå Sivilombudet, Tilsynsrådet for Trandum og ulike instansar tok Justis- og beredskapsdepartementet våren 2022 initiativ til å utgreie om ansvaret for utlendingsinternatet på Trandum bør flyttast frå Politiet til Kriminalomsorga. Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Politidirektoratet (POD) fekk mandat med oppdrag om å utgreie spørsmålet 24. august 2022. 1. september 2023 kom utgreinga der direktorata konkluderte med at ansvaret bør flyttast frå politiet til kriminalomsorga, og at prosessen videre bør vere open og ikkje drage ut i tid.
Frå oversendingsbrevet til departementet heiter det:

«Direktoratenes anbefaling er at driftsansvaret for utlendingsinternatet overføres til kriminalomsorgen. Det er av direktoratene lagt avgjørende vekt på at driften skal ivareta de internertes menneskerettigheter og at sikkerhetstiltakene skal baseres på gode individuelle vurderinger som tilrettelegger for lavest mulig sikkerhetsnivå for den enkelte. Kriminalomsorgen har drift av institusjoner med frihetsberøvelse som sin kjerneoppgave og har derfor høyere kompetanse enn politiet både på differensiering av sikkerhetsnivåer og med å gi et kvalitativt godt innholdstilbud.»

I oversendingsbrevet blir departementet bedt om å gjere vedtak så snart som mogleg, og det vart bedt om ein open prosess videre.
I Tilsynsrådet for tvangsreturer og utlendingeinternatet si årsmelding for 2023 kjem det fram at tilsynsrådet i møte med departementet 30. oktober 2023, gav råd om at ansvaret for drifta flyttast i samsvar med utgreinga.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Før eg kan ta stilling til om ansvaret skal overførast til kriminalomsorga, ønskjer eg ei nærmare vurdering av eit mogleg kvalitetsløft som kan skje ved ei ev. overføring. Departementet har derfor bede KDI og POD om å greie ut nødvendig nivå på tenester og innhald ved internatet i framtida og økonomiske konsekvensar av dette. Eit slikt utgreiings-oppdrag er gitt i tildelingsbreva til KDI og POD for 2024, med frist 1. juli.