Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:988 (2023-2024)
Innlevert: 21.01.2024
Sendt: 22.01.2024
Svart på: 29.01.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare korleis betydelege midlar blir brukt til omfattande arbeide ved prosjektet Møreasken utan løyvingar i Statsbudsjettet gjennom ytterlegare uryddige lån, kva summar dreiar dette seg om, og er det greit at Statens vegvesen holder på slik samt at dei opptrer i referansegrupper som åpenbart blir oppfatta som regelrett planleggings "lobbygrupper" mot både politisk -og departementsnivå?

Grunngiving

E 39 Ålesund- Molde referansegruppe.
I kopi av referat frå ei gruppe som kallar seg "referansegruppe for E39 Ålesund- Molde, ei gruppe som består i hovudsak med utgangspunkt i Møreaksen As ved leiaren der som møteleiar, der det også har deltatt fleire frå Statens vegvesen, også strategisjefen i region midt mfl.
Utav referat frå desse møta, kan ein lese at det blir tatt opp alt frå prosjektet status, til planlegging av "lobbyverksemd mot både politisk og statleg nivå samt departement" og at denne referansegruppa framstår meir eller mindre som ein "stat i staten" der Statens vegvesen si rolle overhode ikkje høyrer heime.
Det kjem også fram mykje interessante opplysningar i referatet datert 01.11-2023 som er ført i penn av Statens vegvesen ved navngjeven person.
Det står blant anna sitat:

"Forberedelser til bygging: Dette brukes det ikkje planleggingsmidler på!! Det er prosjektmidler fra andre igangsatte prosjekter det lånes fra.

i. Byggeplanlegging Julsundbrua-egenregi+ Aas Jakobsen og andre aktiviteter. Pågår - i sluttfasen før "nedpakking" grunnet manglende signal om oppstartsbevilgning.
ii. Arkeologiske utgravinger ferdigstilles på Oterøya- og Vik med unntak av 2-3 mindre lokasjoner (Vik)nektet tiltrede. Etterarbeid på utførte utgravinger som også gir ok belastninger både Kjerringsundet og Vik-Molde. Dette vil også foregå i 2024.
iii. Undersøkelser og forberedelser for tillatelse sjøfyllinger og mudring pågår."

Vidare står det i referatet sitat:

"Ingenting i Statsbudsjettet, men ingen direkte hindring for aktiviteten neste år om ønsket direkte bevilgning for å sikre forberedelser til for eksempel strømframførsel som er utfordrende og vil ta tid."

Her bekreftes det fra referat ført i penn fra Statens vegvesen at det blir "lånt" betydeleg penger av andre oppstarta prosjekt til eit prosjekt Møreasken som IKKJE har fått løyvingar til dette føremålet. Det blir vist til tre hovudpunkt som gjenngjeve over av arbeide som er gjennomført ved "lånte pengar" frå andre oppstarta prosjekt. Dette er betydelege arbeidsoppgåver, utført utan løyvingar.
Det blir også omtalt at det ikkje er problem at det ikkje står pengar til prosjektet Møreaksen i statsbudsjettet for 2024, og at dette angjeveleg ikkje skal vere til hinder for vidare arbeide.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til skrifteleg spørsmål nr. 987 frå same representant av 21. januar og svar på dette.
Stortinget vedtar oppstart av riksvegprosjekt over 1 mrd. kr ved å fastsette kostnadsramme for prosjektet. Før Samferdselsdepartementet fremmer forslag om kostnadsramme til Stortinget, kan det være nødvendig å bruke relativt store beløp til førebuande arbeider og grunnerverv. Førebuande arbeider inkluderer eksempelvis prosjektering, grunnundersøkingar, arkeologiske undersøkingar, skogshogst og flytting av høgspentkablar. Dersom det er anslått at slike arbeider vil overstige 25 millionar kroner i det enkelte budsjettår blir desse arbeida omtalt i Prop. 1 S.
Statens vegvesen si portefølje av store riksvegprosjekt føljer av Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 og Samferdselsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023). Prosjektet E39 Ålesund–Molde er ein del av Statens vegvesen sin portefølje av store riksvegprosjekt. Det er difor naturleg at Statens vegvesen har brukt midlar til å optimalisere og førebu prosjektet. Stortinget løyver ikkje midlar per riksvegprosjekt. Løyvinga til kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar skal dekke Statens vegvesen sine utgifter til planlegging, grunnerverv, førebuande arbeid og bygging av store og mindre riksvegprosjekt. Innanfor rammene som er fastsett av Stortinget har Statens vegvesen høve til å omdisponere midlar mellom prosjekt og tiltak tilpassa framdrift og behov gjennom året.
Representanten viser til eit referat frå ei referansegruppe datert 1. november 2023. I denne gruppa har Statens vegvesen deltatt i form av rolla som fagetat. Representanten siterer frå referatet «Det er prosjektmidler fra andre igangsatte prosjekter det lånes fra». Ordlegginga opnar for misforståing. Statens vegvesen har høve til å omdisponere midlane mellom prosjekter og tiltak. Det dreier seg altså ikkje om lån, men omdisponeringar internt i Statens vegvesens budsjett.
Eg meiner det er viktig og riktig at Statens vegvesen bruker sin kompetanse i lokale prosessar for å leggja til rette for gode avgjerder lokalt, regionalt og sentralt. Eg legg til grunn at Statens vegvesen har ein klar forståing av sin rolle.
Statens vegvesen har dekt sin del av utgravingane på Sundsbø, eit beløp på 5 mill. kr.