Skriftleg spørsmål fra Lene Westgaard-Halle (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1024 (2023-2024)
Innlevert: 24.01.2024
Sendt: 25.01.2024
Svart på: 01.02.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Lene Westgaard-Halle (H)

Spørsmål

Lene Westgaard-Halle (H): Vil statsråden vurdere å jobbe for å få ett unntak for Norge for jord basert på organisk materiale, på lik linje med Sveits, i EUs Plantehelseregelverk?

Grunngiving

Viser til forordning 2016/2031 og gjennomførende forordning 2019/2072 den 14. desember 2019. Forordningen har et forbud mot import av jordblandinger med organisk materiale (som bark), kompost og/eller organisk gjødsel fra land utenfor EU. Norge har ikke et tilsvarende forbud for import av jord basert på organisk materiale fra EU. Det finnes i dag norske aktører som lager torvfri jord med utgangspunkt i resirkulering av organiske og mineralske biprodukter. Produktene har et potensiale for eksport, men hemmes av forbudet i EU, samtidig som de møter konkurranse fra europeiske konkurrenter.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: EU si nye plantehelselov (Regulation 2016/2031) vart vedteke i EU i oktober 2016. Lova har eit forbod mot import av jord frå land utanfor EU, såkalla tredjeland. EU sitt regelverk for plantehelse er ikkje ein del av EØS-avtala, og Noreg er difor eit tredjeland på dette området.
At Noreg er eit tredjeland innanfor plantehelse får konsekvensar for eksport av jord og jordprodukt til EU. Det at vi har vårt eige nasjonale plantehelseregelverk, gjer at vi til dømes har eit forbod mot import av ein del smitteberande planter. Dette gjer grunnlag for eigen næringsverksemd mellom anna innan planteskulesektoren og ved avl av settepotet.
Sveits har valgt å fullharmonisere regelverket med EU når det gjeld plantehelse. Dette ligg difor til grunn for samhandel mellom Sveits og EU. Eg er oppteken av at me har eit nasjonalt regelverk og handlingsrom på dette feltet. Ei god plantehelse er eit fortrinn for Norge.
I Noreg er Mattilsynet i gang med modernisering av vårt nasjonale plantehelseregelverk.