Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:1105 (2023-2024)
Innlevert: 31.01.2024
Sendt: 01.02.2024
Svart på: 08.02.2024 av fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil fiskeri- og havministeren også skrive brev til kommunepolitikarar om viktigheten av å leggje til rette for meir sjømatproduksjon i sjøareala til kommuanne?

Grunngiving

Landbruksministeren har sammen med kommunal- og distriktsministeren skrevet brev til alle landets kommunestyrerepresentanter om viktigheten av matproduksjon og bevaring av matjord. Som fiskeri- og havministeren veit blir det produsert meir mat i norsk sjømat næring. Dette er og viktig for kommunepolitikarar å vera klar over og leggje til rette for i planar for auka matproduksjon og fiskeri. Sidan det er ein ny kommunestyreperiode og dei nyvalde nettopp har fått brev frå landbruksministeren hadde det vært på sin plass med ein offensiv haldning også om å leggje til rette for meir sjømatprodukjon.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Regjeringa er opptatt av å leggje til rette for auka verdiskaping, auka tilverking, lønsame arbeidsplassar og aktivitet langs kysten. Å auke tilverkinga av sjømat i Noreg er eit viktig mål for regjeringa, og eit mål som er forankra i Hurdalsplattforma. Dette bodskapet fremmer regjeringa allereie på reiser og i møter med kommunane og sjømatnæringa.
Kommunane er gitt myndigheit til å bestemme arealfordeling og nytting av sjøareala sine ut til grensa på 12 nautiske mil. Arealplanlegging inneber avvegingar mellom ulike interesser og prioritering mellom bruk og vern av areal, og mellom ulike former for bruk. Regjeringa la i juni 2023 fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for 2023-2027. Regjeringa forventar mellom anna at det vert sett av tilstrekkelege og eigna nye areal for akvakultur gjennom oppdaterte regionale og kommunale planar for kystområda, som også tek omsyn til miljø og andre samfunnsinteresser. I nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging er det også peika på at heilskapleg planlegging er naudsynt for å sikre ressursgrunnlaget for utvikling av fiskeri og andre natur- og kulturbaserte næringar.
Regjeringa er opptatt av at kommunar og fylkeskommunar som legg til rette for havbruksverksemd får ein del av havbruksinntektene. Regjeringa auka difor overføringane til Havbruksfondet med om lag 900 millionar kroner i fjor, samanlikna med det opphavlege budsjettet for 2023.
Eg er ikkje i tvil om at kommunepolitikarar langs kysten er kjende med kor viktig det er å leggje til rette for at vi får tilgang på nok, trygg og sunn sjømat. Eg kjem på bakgrunn av dette ikkje til å sende eit liknande brev til kommunepolitikarane i kystkommunane for å be dei leggje til rette for meir sjømatproduksjon.