Skriftleg spørsmål fra Himanshu Gulati (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1138 (2023-2024)
Innlevert: 04.02.2024
Sendt: 05.02.2024
Svart på: 12.02.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Himanshu Gulati (FrP)

Spørsmål

Himanshu Gulati (FrP): Kan statsråden redegjøre for antallet eller omfanget av slik økonomisk støtte, og litt om hva slik støtte kan bestå av (inkl. nivået)?

Grunngiving

NRK Brennpunkt har fortalt om hvordan barnevernet sponset turen som førte til at en 14 år gammel jente ble giftet bort i Irak og ble gravid. Allerede i 2020 avslørte en rapport fra ekspertgruppen om unge som etterlates i utlandet mot sin vilje at barnevernet har støttet og betalt flybilletten til familier som har ønsket å ta med eller sende sine barn til utlandet.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: I grunngjevinga viser representanten til at NRK nyleg publiserte ei sak om ei 14 år gammal jente som vart send til Irak og at barnevernet bidrog økonomisk. Det vises også til rapporten «Det var ikke bare ferie» om unge som blir etterlaten i utlandet mot sin vilje.
Dei fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpetiltak i heimen. Kva slags tiltak som kan passe best, varierer ut frå barnet og familiane sine behov. Nokre av hjelpetiltaka i barnevernet omfattar økonomisk stønad, primært til tiltak som barnehage, skulefritidsordning, fritidsaktivitetar etc. Det finst ingen nasjonal statistikk som gjer oss oversyn over økonomiske bidrag når det gjeld utanlandsreiser, og vi har heller ikkje forsking som gir svar på dette. På nasjonalt nivå har vi difor ikkje oversikt over om økonomisk hjelp frå barnevernet er nytta til utanlandsreiser. Her som elles, gjeld det imidlertid at barnevernstenesta si beslutning skal vere forsvarleg og til barnet sitt beste. Det er viktig at det er openheit og refleksjon rundt kva tiltak som nyttast, på nasjonalt nivå og på kommunalt nivå. Det kan difor vere naturleg at kommunestyret vurderar om det er grunn til å ta opp problemstillinga i si årlege gjennomgang av barnevernstenesta i kommunen. Den einskilde tenesta har sjølvsagt oversikt over kva økonomisk hjelp er nytta til.
Den konkrete saka frå NRK som representanten viser til, ligg fleire år tilbake i tid. Det har skjedd viktige endringar sidan, også i lovverket. I 2016 ratifiserte Noreg Haagkonvensjonen av 1996. Som følgje av ratifiseringa vart barnevernslova endra til også å gjelde for barn som har vanleg bustad i Noreg, men som er i utlandet. Sentralstyresmakta for konvensjonen hjelper i saker som gjeld barnevern utanfor konvensjonssamarbeidet, og rettleier barnevernstenesta i saker om barn i utlandet.
Det statlege Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold rettleier barnevernstenestene og andre i saker som gjeld ufrivillig opphald i utlandet. Viktig er også Bufdir sine Retningslinjer til barnevernstjenestene om barn som etterlates i utlandet, som er utarbeidd i samråd med relevante sektorar. I Bufdir sin podkast Buffer finn ein “Går det galt i sommer?” om ufrivillige utanlandsopphald. Bufdir kommuniserer også direkte med barn og unge gjennom ung.no
Å førebyggje ufrivillige utanlandsopphald er eitt av fem innsatsområde i handlingsplanen
Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (2021-2024). I representanten sin grunngjeving blir det vist til rapporten «Det var ikke bare ferie» frå 2020. Denne omtaler ei rekkje problemfelt og årsaker til at barn blir sende til opphavslandet. Rapporten inngjekk i kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med handlingsplanen. Å auke kompetansen i barnevernstenestene og styrkje informasjonen om rettar, hjelpetilbod og handlingsalternativ til utsette personar, er viktige tiltak saman med informasjonskampanjar retta mot foreldre.
Erfaringar frå enkeltsaker viser at det er utfordrande å hjelpe barn som blir etterlatne i utlandet. Det er difor viktig å arbeide førebyggjande og å auke kompetansen om tematikken i hjelpetenestene. Det årlege beredskapsbrevet regjeringa sender før sommarferien til alle kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar, har gjort at fleire tenester har vorte merksame på problemet. Dette inngår også i det førebyggjande arbeidet.
Barnet sitt beste er det grunnleggjande omsynet i alt arbeidet til barnevernet. Å gi hjelp til reiser til land der barn kan bli utsette for tvang og vald, er ikkje i tråd med barnets beste. Eg føreset at barnevernstenestene følgjer lova.