Skriftleg spørsmål fra Ola Elvestuen (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1429 (2023-2024)
Innlevert: 03.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Svart på: 11.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Ola Elvestuen (V)

Spørsmål

Ola Elvestuen (V): I saka om godkjenning av detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot med utskipingshamn i Bremanger:
Kor mykje av den påståtte «betydelege nedskaleringa av området» er knytt til at det er lagt inn eit grønt LNF-område der den øvre vegen skal leggast men utan at vegtraséen og dermed sjølve naturinngrepet i seg sjølv er endra, kor mykje er sjølve industriområdet auka eller redusert sett bort i frå denne tekniske endringa i plankartet, og kva endringar er gjort i prosessen når det gjeld omfanget av kaiutbygging?

Grunngiving

Departementet skriv i sitt vedtak om godkjenning av detaljregulering for Aksla i Bremanger kommune at «det gjennom endringar i planen er gjort viktige tiltak for å redusere dei negative verknadene på naturmangfaldet i planområdet» og at «i denne saka er det etter fyrste gongs høyring og offentleg ettersyn utgreidd eit betydeleg nedskalert alternativ. Det er såleis eit heilt anna alternativ enn det opphavelege når det gjeld utforming, omfang og målestokk som no er vedteke av kommunen». I vedtaksbrevet sin konklusjon står at «Departementet legg vekt på at det er arbeidd mykje med å redusere omfanget og utforminga av tiltaket for å redusere dei negative miljøverknadene».
Ei samanlikning av plankarta frå første og andre gongs høyring viser rett nok at det er lagt inn eit grønt LNF-område der den øvre vegen skal leggjast, men utan at vegtraséen, som er det vesentlege inngrepet i naturtypelokaliteten, i seg sjølv er endra. Den mest iaugnefallande endringa ser elles ut til å vere at industriområdet er utvida både mot aust og mot vest langs stranda i den nye planen, og at den opphavlege, flytande kaien er erstatta av ein permanent kaifront i form av ei 150 meter lang steinfylling langs stranda.
Nedskaleringa som departementet legg til grunn har skjedd, og som dei nemner spesifikt i vedtaket som eit viktig argument for å overkøyre alle faglege instansar i saka, ser altså ut til å berre dreie seg om at eit areal på plankartet har endra farge, men at vegen i dette arealet som utgjer det reelle naturinngrepet, ligg der framleis.
Jmf. plankart frå reguleringsplan for steinbrot på Aksla, dagsett 5.4. 2018, samanlikna med plankart frå andre gongs behandling av planen, dagsett 13.2.2020.
I tillegg er det viktig å påpeke at steinstøv frå både steinbrot, knuseverk og transportband ikkje held seg strengt og lojalt til yttergrensande for ei reguleringsområde, og med dei rådande vestlege vindane, og det harde vestavêret så vil industrialiseringa i realiteten omfatta eit mykje større område.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Detaljregulering for Aksla har vore på høyring to gonger, og det er i planprosessen gjort fleire endringar i planen. Ved 2. gongs høyring er storleiken på uttaksområdet på fjellet tatt ned, mellom anna for å ta vare på profilen på fjellet. Det er òg gjort endringar for utskipingskaia og kaiområdet for å ta meir omsyn til kulturminne og naturmangfald.
Eg er godt klar over at den endelege planen framleis har store negative verknader for naturmiljøet ved Inste Bårdvikneset, og at ein del av den borenemorale regnskogen vil gå tapt. Det har likevel vore viktig for meg å synleggjere at både kommunen og tiltakshavar undervegs i planprosessen har gjort endringar i planane for å forsøke å redusere skadeverknadene, sjølv om det ikkje har vore nok til at motsegnene har blitt trekt. Dette har vore eit moment i avgjerda, utan at den eksakte storleiken på endringane har vore avgjerande.