Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1430 (2023-2024)
Innlevert: 03.03.2024
Sendt: 04.03.2024
Svart på: 11.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kvifor antyder departementet i vedtaket om å godkjenne detaljreguleringsplan for Aksla steinbrot og utskipingshamn ved Bårdvikneset i Bremanger, noko som vil rasere eit område med den sjeldne naturtypen boreonemoral regnskog, at det er eit argument at aktuell grunneigar ikkje har søkt om frivillig skogvern av området, kan departementet i staden opplyse om korvidt ansvarlege faginstansar for skogvern har ønskt at området blir verna eller ikkje, og kvifor er det ikkje denne faglege vurderinga som er lagt vekt på i vedtaket?

Grunngiving

Departementet skriv i sitt vedtak om godkjenning av detaljregulering for Aksla i Bremanger kommune, og dette like etter at dei har omtala den sjeldne boreonemoral regnskogen at:

«Bremanger kommune har opplyst at det er vedteke frivillig skogvern av to andre lokalitetar av naturtypen i kommunen, Gaddeskogvatn ved Vingesetra og Bugen i Botnane. Det har ikkje vore forslag om vern av lokaliteten ved inste Bordvikneset (rik boreonemoral regnskog).»

Skogvern i Noreg skjer utelukkande gjennom ordninga med frivillig skogvern. Den går ut på at grunneigar melder inn til ein skogeigarorganisasjon at dei er interesserte i vern, og så legg ein av organisasjonane tilbodet fram for Statsforvaltaren.
Kor vidt eit skogområde er foreslått verna av grunneigar, seier difor ingenting om den reelle verneverdien av eit skogområde.
Det som seier noko reelt om verneverdien til eit område, er kor vidt Statsforvaltaren har meldt inn til skogeigarorganisasjonane om eit visst skogområde er ønskt i ordninga for frivillig skogvern. Etter det eg er kjend med, står Inste Bårdvikneset på denne «ønskjelista» til Statsforvaltaren i Vestland.
Eg vil be departementet stadfeste om dette er tilfelle, og kvifor departementet likevel skriv i sitt vedtak at det «..har ikkje vore forslag om vern av lokaliteten».

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Det er viktig at avgjerd der naturmangfald blir rørd bygger på eit godt fagleg grunnlag. Ein omtale av dei to verneområda på Vingesetra og i Botnan er knytt til kunnskapsgrunnlaget for vurdering etter naturmangfaldlova. Omtalen gir ein status for den aktuelle naturtypen, og er på ingen måte meint å trekke i tvil at lokaliteten av boreonemoral regnskog på Inste Bårdvikneset er vurdert å ha høg verdi. Dette er ikkje omtvista.
I avgjerda om detaljregulering for Aksla er omsynet til ei god samfunnsutvikling i kommunen vurdert mot dei naturverdiane som kan gå tapt ved ei utbygging. Korvidt området på Inste Bårdvikneset kan bli foreslått for vern har ikkje vore ein del av denne vurderinga.