Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1568 (2023-2024)
Innlevert: 16.03.2024
Sendt: 18.03.2024
Svart på: 02.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Meiner statsråden at å vera plassert i milde kategorier i retningslinjer skal bety meir lokalt sjølvstyre og mindre innblanding frå statsforvalter?

Grunngiving

Det har i ulike sammenhenger blitt i statlige retningslinjer operert med ulike soner av landet der det skal vera strengere og mindre strengt. Strandsone er eit slikt døme. Eit nyare er framlegget som er på høyring. Fleire kommunar opplever at til tross for å bli plassert i mildare kategori er staten gjennom statsforvalteren like streng som før.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Det korte svaret på representantens spørsmål er ja. Det skal vere meir lokalt handlingsrom for kommunane som er plassert i mildare kategoriar i statlege retningslinjer. Når regjeringa vel å utarbeide statlege retningslinjer med ulike kategoriar for ulike kommunar er det fordi Noreg er eit langstrakt land. Det er store skilnader på om det er press på dei omtala areala eller ikkje i dei ulike kommunane. Strandsona er eit godt eksempel på dette. Til dømes har det i områdene rundt Oslofjorden over tid vore høgt press på utbygging langs sjøen og vanskeleg å ivareta folk sin tilgang til strandsona, mens det i mange distriktskommunar kan vere utfordringar med å få busetting og næringsutvikling i kommunen. Difor opnar strandsoneretningslinjene for ein differensiering av korleis regelverket blir handsama i dei ulike områda.
Eg har no nyleg lagt forslag til nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet ut på offentleg høyring. Dei nye retningslinjene skil mellom pressområde og distriktsområde, og følger såleis opp regjeringas mål om at arealpolitikken må vere tilpassa dei lokale forholda, og leggje til rette for vekst og utvikling i distrikta våre. Utanfor pressområda skal kommunane få auka moglegheit til å kunne bestemme kor nye bustader kan bli bygd. Dei skal kunne planlegge meir ut frå dei lokale forholda. Områda og handlingsrommet har vi gjort tydeleg i eit eige kapittel retta mot mindre tettstadar og områder med spreidd busetnad.
Større differensiering og meir handlingsrom for arealplanlegginga i områder der presset er mindre er eit viktig grep for å utvikle heile landet. Det vil bli ein klar forbetring for kommunane samanlikna med det førre regimet som regjeringa beståande av Høgre og Framstegspartiet vedtok i 2014 der heile Noreg fekk eit sett med likelydande planretningslinjer for samordna bustad,- areal- og transportplanlegging.