Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1592 (2023-2024)
Innlevert: 20.03.2024
Sendt: 20.03.2024
Svart på: 05.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva er handlingsrommet til kommunen som arealmyndigheit når statsforvaltaren åpenbart har gjennomført grov saksbehandlingsfeil og direkte overkøyrer eit samla lokaldemokrati, og vil Kommunalministeren vise at han er handlingskraftig og tar lokaldemokratiet på alvor slik SP til vanleg hevdar på inn og utpust, og tar denne saka til behandling i departementet dersom kommunen sender dette inn?

Grunngiving

I saka ang plassering av ladestasjon i Stranda sentrum for ny elektrisk ferje, har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal åpenbart gjennomført grov saksbehandlingsfeil.
I saksbehandlinga blir det konkludert med at Fjord 1 har rett når dei hevdar at det ikkje er råd å plasserer denne ladestasjonen på utsida av sentrum, ca. 60-80 m frå ladetårnet på ferjekaia. Derfor godkjenner dei ein dispensasjon som bryt heilt vesentlege grunnlag i trafikktrygging midt i Stranda sentrum.
Realiteten er at på andre sida av på Liabygda ferjekai, skal det også byggjast same ladestasjonen, her skal brått det som er umogeleg i Stranda sentrum gjennomførast, der ladestasjonen skal stå 50-60 m frå ladetårnet på ferjekaia.
Det same ser vi ved mange andre ferjekaier i fylket der til dømes på Furneset i Vestnes kommune, står ladestasjonen minst 80 m frå ladetårnet på kaia, sannsynligvis kabling på nærmare 100 m pga. kabling i litt sikksakk.
I Sp sitt program står følgjande:
Et levende lokaldemokrati er en forutsetning for et velfungerende samfunn.

"Senterpartiet vil bygge samfunnet nedenfra og vil derfor desentralisere makt, bosetting, arbeidsplasser, kapital og kompetanse. Målet om desentralisering er ideologisk forankret i ideen om et deltakende folkestyre. Behovet for å dele makt og innflytelse mellom ulike deler av landet er grunnleggende for et aktivt folkestyre."

I denne saka kan Kommunalministeren vise at SP faktisk tar lokaldemokratiet på alvor, eller vise at dette berre er direkte spel for galeriet og gjelder ikkje i praksis.
Det er få saker som har opprørt meg meir enn denne, der vi opplever at i absolutt alle andre samanhengar i fylket, er det motsegn frå Statens vegvesen samt Statsforvaltaren i absolutt ALT ang. dispensasjon som gjelder bruk av gang sykkelareal, gjeldande trafikktryggleik, og arealbruk som ikkje er nødvendig.
I denne saka her er det slett ikkje nødvendig å dispensere frå noko som helst i Stranda sentrum, den mykje omtalte ladestasjonen kan lett plasserast i god avstand frå ferjekaia, og det einaste hensynet som her blir teke av Statsforvaltaren er kostnadar for utbyggjar, og ikkje lokaldemokratiet.
Svaret i spørjetimen frå ministeren den 20/3 er stekt beklageleg, og eg kan rett og slett ikkje forstå at lokaldemokratiet kan overkøyrast i denne saka.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Innleiingsvis vil eg klargjere at kommunen har stort handlingsrom i arealplanlegginga. Kommunen kan starte opp eit arbeid med planlegging av sentrum, som også inkluderer flytting av ferjekai, uavhengig av dette vedtaket.
Eg forstår likevel spørsmålet slik at det i hovudsak dreier seg om moglegheita til å endre vedtaket til statsforvaltaren. Vedtaket til statsforvaltaren er endeleg. Det er ikkje høve til å gjere ei ny klagesaksvurdering av saka, så ein ny gjennomgang av saka vil avgrense seg til å sjå om vedtaket har slike feil som fører til at det er ugyldig. Eg ser at det blir peika på grove saksbehandlingsfeil, og i så tilfelle har forvaltningslova ein tryggingsventil som sikrar at vedtak kan opphevast eller gjerast om. Det er strenge vilkår til ei slik vurdering, jf. forvaltningslova § 35. Både statsforvaltaren og departementet kan vurdere omgjering, likevel er det inga plikt til å vurdere saka etter forvaltningslova § 35.
Statsforvaltaren har kompetanse til å gjere om sitt eige vedtak, og det er ofte formålstenleg at statsforvaltaren sjølv vurderer merknader om feil rettsbruk, feil saksbehandling eller feil i vurderinga av fakta. Departementet sender derfor mottekne omgjeringskrav til statsforvaltaren for vurdering, dersom dei ikkje allereie er vurderte der. Dersom statsforvaltaren ikkje gjer om saka, og krav om omgjering kjem til departementet, så tek departementet stilling til kravet. I dei tilfella der departementet har funne grunn til å sjå nærare på saka, er det svært sjeldan at departementet har gjort om eit endeleg vedtak.
Forvaltningslova § 35 er berre ein tryggingsventil som gir forvaltninga heimel til å gjere om ugyldige vedtak.