Skriftleg spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1618 (2023-2024)
Innlevert: 24.03.2024
Sendt: 02.04.2024
Svart på: 06.04.2024 av klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kva frist har Noreg for å ta ei avgjerd om korvidt vi vil delta fullt ut i EU sitt sosiale klimafond frå starten av i 2026, eit fond der Noreg allereie har forplikta seg til å betale inn 5,5 milliardar kroner, og kor raskt tar Klima- og miljøministeren sikte på å avklare saka?

Grunngiving

EU skal fram til 2032 gjennomføre ei kjempesatsing på energiøkonomisering og det grøne skiftet for små bedrifter og husstandar med svak økonomi. Verktøyet er eit sosialt klimafond på meir enn 650 milliardar kroner. Noreg har allereie forplikta seg til å betale inn 5,5 mrd. kroner i dette fondet.
Eg spurde nyleg energiministeren om Noreg vil delta fullt ut i dette fondet, slik at små bedrifter og husstandar med svak økonomi kan søke støtte frå gigantfondet på 650 milliardar kroner for å gjennomføre tiltak for energiøkonomisering.
Energiministeren synte då til at det sosiale klimafondet sorterer under klima- og miljøministeren, og at det ikkje er endeleg avklart om, og eventuelt på kva vilkår, Noreg skal delta i Det sosiale klimafondet.
EU skriv at medlemsstatane skal sende inn planar for korleis dei ønskjer å bruke midlane i det sosiale klimafondet innan juni 2025:

"All these measures and investments will be compiled in national Social Climate Plans following a public consultation. Member States will submit these plans to the European Commission by June 2025."

EU skriv vidare at fondet skal vere på minst 86,7 milliardar EURO som med dagens valutakurs tilsvarer om lag 1000 milliardar kroner.

Andreas Bjelland Eriksen (A)

Svar

Andreas Bjelland Eriksen: EU-kommisjonen har som ein del av «Klar for 55»-pakken etablert Det sosiale klimafondet. Målet med fondet er å bidra til å jamne ut eventuelle negative fordelingsmessige effektar av karbonprising frå kvotehandelssystemet ETS2 for bygningar, vegtransport og andre sektorar for sårbare hushald, småskalaføretak og transportbrukarar gjennom investeringar for redusert energibehov.
Finansieringa av Det sosiale klimafondet vert regulert gjennom det forsterka kvotedirektivet, og Noreg er gjennom deltakinga i EUs kvotedirektiv derfor pliktige til å bidra til finanseringen av fondet. Den norske andelen av kvotar som vert overført til fondet er verd om lag 485 mill. 2020-euro over perioden 2025–2032. Det vil seia at Noreg sine inntekter frå auksjonering av klimakvotar vil bli reduserast med om lag 5,5 mrd. kroner over perioden, til inntekt for Det sosiale klimafondet.
Spørsmålet om deltaking i fondet er regulert i ei eiga forordning, som ikkje er rekna som EØS-relevant da forordninga blant anna gjeld budsjettspørsmål. Dette fell utanfor virkeområdet til EØS-avtalen. EU-kommisjonen har likevel invitert Noreg og dei andre EFTA-statene til å delta i fondet dersom vi ønsker det.
Fondet er administrert slik at kvart medlemsland kan få utbetalt ein sum midlar med tilhøyrande krav til korleis midlane skal brukast. Størrelsen på summen avheng av ei rekke variabler, mellom anna talet på låginntektshushald i grisgrendte strøk, kjøpekraftsjustert BNI per innbyggar og andel auksjonsinntekter frå ETS2, og vil derfor variera mellom medlemsslanda. Det er ikkje slik at sårbare hushald, småskalaføretak og transportbrukarar direkte kan søke om støtte frå Det sosiale klimafondet. For at eit medlemsland skal få utbetalt midlar er det krav om å levera ein nasjonal sosial klimaplan for perioden 2026–2032 innan 30. juni 2025. Planen må godkjennast av Kommisjonen (i norsk tilfelle ESA) før utbetaling i 2026. I tillegg legg forordninga føringar på korleis den sosiale klimaplanen skal finansierast ut over bidraget frå Det sosiale klimafondet ved at 25 pst. av kostnadene må finansieres av medlemsstaten.
Det er ikkje endeleg avklart om, og eventuelt på kva vilkår, Noreg skal delta i Det sosiale klimafondet. Regjeringa tar sikte på å endeleg avklara dette i tide til at Noreg eventuelt kan vera med frå oppstarten i 2026.
For øvrig viser eg til svar frå energiminister Terje Aasland 8. mars 2024: Skriftlig spørsmål - stortinget.no.